Hopp til hovedinnald

Som passasjer kan du

  • søke etter turar basert på kvar du skal og når du vil reise
  • bli kopla med ein sjåfør som køyrer same strekning
  • velje mellom enkeltturar eller faste pendlarturar
  • gå på og av ved dei faste møteplassane som er markerte på kartet i appen

Merk: Aldersgrensa for å vere passasjer er 16 år, og ein kan ikkje booke inn barn som passasjer. Du bekrefter alderen din i appen.

Både passasjerar og sjåførar må laste ned Nabogo-appen og opprette ein brukarkonto. Merk at du må velje norsk nummer (+47) når du skal legge inn telefonnummeret ditt.

Last ned appen her.

Som sjåfør kan du

  • tilby plass i bilen på ruter du køyrer
  • opprette faste pendlarturar som passasjer kan booke
  • få dekt delar av køyrekostnadane for kvar passasjer som sit på

Både passasjerar og sjåførar må laste ned Nabogo-appen og opprette ein brukarkonto. Merk at du må velje norsk nummer (+47) når du skal legge inn telefonnummeret ditt.

Last ned appen her.

Du blir henta og sett av på faste møtestader som er markerte på kartet i Nabogo-appen. Møtestadane er valde slik at det er trygt og enkelt å bruke tilbodet.

Askøy:
Du kan søke etter turar som er lagt inn i Nabogo-appen. Alle turar må starte eller stoppe i Askøy.

Øygarden:
Du kan søke etter turar som er lagt inn i Nabogo-appen. Alle turar må starte eller stoppe i Øygarden.

I Øygarden er det også faste samkøyringsruter med faste sjåførar her:

  • Ågotnes–Straume​
  • Rong–Ågotnes–Straume

 

Med periodebillett frå Skyss:
Reisande med gyldig Skyss-periodebillett (ungdomsbillett, 7-, 30- eller 180-dagersbillett) reiser heilt gratis. Du registrerer periodebilletten i Nabogo-appen.

Utan periodebillett frå Skyss:
Dei første 10 kilometrane er gratis, deretter kostar det 1 krone per kilometer. Betaling skjer via Nabogo-appen. 

Skulle noko gå gale, kontaktar du Nabogo support direkte:

Du finn også svar på vanlege spørsmål her.

Samkøyring i Øygarden og Askøy er eit samarbeid mellom Skyss og Nabogo.