Reiser du med Skyss Bestilling?
Vi leitar etter deg som brukar Skyss Bestilling i kvardagen din. Er du over 60 år og bur i ein av desse kommunane: Bjørnafjorden, Eidfjord, Etne, Kinn (nordre del), Kvam, Modalen, Stad, Stryn, Tysnes, Ulvik eller Vaksdal?
Vi ønsker vi å kome i kontakt med folk som bruker tilbodet med bestillingsbussar som køyrer faste ruter, og høyre kva dei synest om tenesta. Høyrest dette ut som deg?
Målet er å spreie kjennskap til tilbodet, slik at fleire i Vestland kan ta det i bruk. Dei som blir valde ut vil bli intervjua og fotograferte, og det kan også bli aktuelt med filming. Innhaldet vil bli publisert i blant anna papir- og nettaviser. Deltaking blir honorert.
Ta kontakt med oss på skjemaet under, så fortel vi meir om kva det inneber.