Hopp til hovedinnald

Ved kollektivterminalen på Straume i Øygarden er det i Kystbygarasjen 50 parkeringsplassar tilgjengeleg for kollektivreisande. 

Reglar for desse parkeringsplassane er som følgjer:

  • Du må ha gyldig 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) for sone A i Skyss Billett-app 
  • Deretter legg du til skiltnummer på bilen din under menypunktet parkering i appen Skyss Billett. Parkeringsbeviset varar til kl.18.00 på same utløpsdato som periodebilletten. 
  • Når du har gjort dette må du hente ut eit parkeringskort hos Coop Obs 1. etasje i Sartor Storsenter. Parkeringskortet har same gyldigheit som parkeringsbeviset i appen Skyss Billett.
  • Innkøyring i parkeringshuset må skje mandag - fredag mellom kl. 06.00 - 12.00. Utkøyring må skje innan kl. 24.00 same dag.
  • Du køyrer til parkeringshuset og registrerer parkeringskortet ditt i automaten ved bommen.
  • Vi gjer merksam på at det er maksimalt 50 bilar som kan parkere gratis på denne parkeringsplassen. Når talet overstig 50 innkøyrde bilar, vil du måtte trykke for vanleg parkeringsbillett, og betale for å stå parkert på lik linje med andre parkerande. Det er gratis i to timer og deretter kr. 11 per påbyrja 30 minutt.