Sommarruter
Sommaren er her! Rutetidene er litt endra om sommaren i fleire område i Vestland. Her ser du korleis.

Du finn oppdaterte tider i reiseplanleggaren på nett og i appen Skyss Reise.
Hordaland
Frå og med 23. juni til og med 10. august køyrer vi sommarruter i Hordaland. Her finn du rutetabellar for buss, bybanen i Bergen og båtar i Hordaland.
I sommarperioden er det nokre linjer som ikkje køyrer. I Hordaland gjeld det linje 3E, 4E, 26, 39, 48, 94, 343, 346 og 910. Avgangar merka med skuledagar køyrer ikkje i skuleferie.
Sommaren er også tid for vegarbeid og vedlikehald, og i Bergen er det fleire større arbeid som påverkar kollektivtrafikken i sommarvekene. Du kan lese meir om det her:
Sogn og Fjordane
Frå og med 22. juni til og med 16. august køyrer vi sommarruter i Sogn og Fjordane. Her finn du rutetabellar for buss og for båtar i Sogn og Fjordane.
Ruteendringar i fleire kommunar
Frå 23. juni blir det ruteendringar, nye bestillingstilbod og over 200 nye bussar i delar av Nordfjord og ei rekke kommunar i Hordaland. Her får du oversikt over endringane.
God sommar!
Publisert:
Oppdatert: