Endra trasé for fleire linjer i Førde
Sunnfjord Gjeld frå 14.09Frå måndag 14. september blir Angedalsvegen stengd, og det fører til endringar i trasé for bussar mellom Førde rutebilstasjon og Førde sentralsjukehus
Avgangar som tidlegare har køyrt Angedalsvegen vil no køyre om Hafstad og Vievegen.
Dette gjeld for følgande linjer:
- Linje 100 Førde–Sandane–Nordfjordeid
- Linje 110 Førde–Skei–Byrkjelo–Stryn–Ålesund
- Linje 206 Førde–Botnen
- Linje 250 Florø–Førde–Florø
- Linje 272 Førde–Vassenden–Skei
- Linje 830 Førde–Skei–Sogndal–Øvre Årdal
- Flybussen FB59 Vieåsen–Førde–Førde lufthamn, Bringeland
Dei største endringane skjer for bybussen linje 201, les meir om endringane her.
Haldeplassar som ikkje lenger vil vere i bruk:
- Rusta
- Hagen
- Førdehuset
- Førde utstillingsplassen
Publisert:
Oppdatert: