Ekstra avgangar mellom Breistein–Valestrand laurdag 7. november
Osterøybrua blir stengd frå laurdag 7. november kl. 19.00 til søndag 8. november kl. 09.00 på grunn av vedlikehaldsarbeid.

I samband med stenging av Osterøybrua blir det sett opp ekstra avgangar mellom Breistein og Valestrand. Ferja får utvida rutetilbod laurdag kveld og natt til søndag. Tabellen viser alle ekstra avgangar frå laurdag ettermiddag til brua etter planen opnar søndag morgon:
| Dag | Frå Valestrand | Frå Breistein |
|---|---|---|
| Laurdag 7. november | 17.45 | 18.00 |
| Laurdag | 18.15 | 18.30 |
| Laurdag | 18.45 | 19.00 |
| Laurdag | 19.15 | 19.30 |
| Laurdag | 19.45 | 20.00 |
| Laurdag | 20.15 | 20.30 |
| Laurdag | 20.45 | 21.00 |
| Laurdag | 21.15 | 21.30 |
| Laurdag | 21.45 | 22.00 |
| Laurdag | 22.15 | 22.30 |
| Laurdag | 22.45 | 23.00 |
| Laurdag | 23.15 | 23.30 |
| Laurdag | 23.45 | – |
| Søndag 8. november | – | 00.00 |
| Søndag | 00.15 | 00.30 |
| Søndag | 01.00 | 01.30 |
| Søndag | 02.00 | 02.30 |
| Søndag | 03.00 | 03.30 |
| Søndag | 04.00 | 04.30 |
| Søndag | 05.00 | 05.30 |
| Søndag | 06.00 | 06.30 |
| Søndag | 07.00 | 07.30 |
| Søndag | 07.45 | 08.00 |
| Søndag | 08.15 | 08.30 |
Sjå ordinære rutetider for ferja mellom Breistein og Valestrand her.
Linje 37 mellom Åsane terminal og Breistein
Avgangane mellom Åsane og Breistein vil også køyre innom Breistein kai på avgangane mellom kl. 17.00 og 03.00. Siste nattbuss frå Åsane terminal 02.58 er på Breistein kai ca kl. 03.13.
Linje 900 får endra rute i stengeperioden
Medan Osterøybrua er stengd, køyrer linje 900 via ferjesambandet Valestrand–Breistein.
Du må rekne med lengre reisetid på følgande avgangar:
-
Frå Arna terminal: kl. 19.10, 21.10 og 23.10.
-
Frå Lonevåg terminal: kl. 20.40, 22.40 og 00.40.
Bussen stoppar ikkje på haldeplassane mellom Breistein kai og Arna terminal.
Meir om arbeidet på Osterøybrua
Stenginga er ein del av vedlikehaldsarbeidet på brua. Osterøybrua opnar etter planen søndag 8. november kl. 09.00.
Les meir om arbeidet på Vestland fylkeskommune si prosjektside.
Publisert:
Oppdatert: