Hopp til hovedinnald

I samband med stenging av Osterøybrua blir det sett opp ekstra avgangar mellom Breistein og Valestrand. Ferja får utvida rutetilbod laurdag kveld og natt til søndag. Tabellen viser alle ekstra avgangar frå laurdag ettermiddag til brua etter planen opnar søndag morgon:

Dag Frå Valestrand Frå Breistein
Laurdag 7. november 17.45 18.00
Laurdag 18.15 18.30
Laurdag 18.45 19.00
Laurdag 19.15 19.30
Laurdag 19.45 20.00
Laurdag 20.15 20.30
Laurdag 20.45 21.00
Laurdag 21.15 21.30
Laurdag 21.45 22.00
Laurdag 22.15 22.30
Laurdag 22.45 23.00
Laurdag 23.15 23.30
Laurdag 23.45 –
Søndag 8. november – 00.00
Søndag 00.15 00.30
Søndag 01.00 01.30
Søndag 02.00 02.30
Søndag 03.00 03.30
Søndag 04.00 04.30
Søndag 05.00 05.30
Søndag 06.00 06.30
Søndag 07.00 07.30
Søndag 07.45 08.00
Søndag 08.15 08.30

Sjå ordinære rutetider for ferja mellom Breistein og Valestrand her.

Linje 37 mellom Åsane terminal og Breistein

Avgangane mellom Åsane og Breistein vil også køyre innom Breistein kai på avgangane mellom kl. 17.00 og 03.00. Siste nattbuss frå Åsane terminal 02.58 er på Breistein kai ca kl. 03.13. 

Linje 900 får endra rute i stengeperioden

Medan Osterøybrua er stengd, køyrer linje 900 via ferjesambandet Valestrand–Breistein.

Du må rekne med lengre reisetid på følgande avgangar:

  • Frå Arna terminal: kl. 19.10, 21.10 og 23.10.

  • Frå Lonevåg terminal: kl. 20.40, 22.40 og 00.40. 

Bussen stoppar ikkje på haldeplassane mellom Breistein kai og Arna terminal.

Meir om arbeidet på Osterøybrua

Stenginga er ein del av vedlikehaldsarbeidet på brua. Osterøybrua opnar etter planen søndag 8. november kl. 09.00.

Les meir om arbeidet på Vestland fylkeskommune si prosjektside.

Publisert:

Oppdatert: