Hopp til hovedinnald

Rutetabellane blir no automatisk oppdatert og gir deg alltid den nyaste versjonen av rutetabellane. Du kan velje retning og kva dagar du vil, og få ei oversikt som er tilpassa det du ser etter.

Innhaldet du kjenner frå dei gamle rutetabellane er framleis med – haldeplassar og avgangstider er samla i ein oversiktleg tabell.

Rutetabellen på papir?

Vil du ha rutetabellen på papir, kan du enkelt skrive han ut som PDF. Du kan altså bruke dei nye tabellane på nettsida eller skrive dei ut. 

Med den nye løysinga får du ein meir fleksibel og moderne rutetabell, utan å miste den enkle oversikta du kjenner frå før.

Dei nye tabellane blir innførte gradvis, og vi startar med tabellane for buss i Bergen.

Her finn du oversikt over alle rutetabellane for buss

Trykk her for større bilde. 

Publisert:

Oppdatert: