Nye reisevilkår frå 1. september
Frå 1. september gjeld nye reisevilkår for deg som reiser med Skyss.
Reisevilkåra er reglane som gjeld når du reiser med oss. Dei seier mellom anna kva ansvar du har som reisande, og kva du kan forvente av Skyss. Reisevilkåra erstattar det som tidlegare heitte transportvedtekter.
Her kan du lese dei nye reisevilkåra
Høgare gebyr ved billettkontroll
Frå 1. september blir gebyrsatsane høgare:
- Betaler du gebyret med ein gong, aukar det frå 950 til 1050 kroner.
- Får du faktura, aukar gebyret frå 1150 til 1250 kroner.
- Ved misbruk eller forfalsking av billett aukar gebyret frå 1500 til 2200 kroner.
Du må alltid ha gyldig billett når du reiser med oss. Reiser du med ein rabattert billett, må du i tillegg ha dokumentasjon på at du har krav på rabatt, for eksempel må studentar kunne vise studentbevis. Har du ikkje gyldig billett eller nødvendig dokumentasjon i ein billettkontroll, kan du få gebyr.
Publisert:
Oppdatert: