Hopp til hovedinnald

Hovudendringar: 

  • Nye bussar: Over 60 nye bussar - over halvparten elektriske.
  • Skyss Bestilling: Bussar som køyrer på bestilling.
  • Ruteendringar: Det blir justeringar på nokre busslinjer.

Over 60 nye bussar – over halvparten elektriske

Frå slutten av juni kan du reise med heilt nye bussar i desse kommunane. 38 av 61 bussar er elektriske. Samla har vi dermed 412 elektriske bussar som køyrer i rute i Vestland.

Alle dei nye bussane er tilpassa menneske med funksjonsvariasjonar. Fleire bussar enn før har golv ved inngangen, noko som gjer det lettare for blant andre eldre og barnefamiliar å gå av og på. Vi har også gjort det enklare å reise med barn, med integrerte barnesete og enkelte sete med isofix der du kan feste barnesetet du har med. Om du treng det kan du lade mobiltelefonen din om bord, og vi har fått på plass skjermar som viser nyttig reiseinformasjon.

Skyss Bestilling – bussen kjem når du bestiller han

I kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio kan du no reise med Skyss Bestilling, som er bestillingsbussar som køyrer når nokon har bestilt dei. Tilbodet er for alle, og det er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar. Du kan til dømes bestille ein tur dersom du skal til butikken, på trening, til legen eller på besøk. Skyss Bestilling har både faste ruter på faste dagar, og bussar som køyrer i bestemte nærområde innanfor faste tidsperiodar.

Turar med Skyss Bestilling kjem fram når du søker etter reisealternativ i Skyss-appen eller på skyss.no. Du bestiller turen i appen Skyss eller ved å ringe oss. Skyss Bestilling har same billettpris som andre bussreiser.

Her får du full oversikt over kvar du kan reise med Skyss Bestilling i kommunen din.

Endringar i rutetilbodet  

Det er mindre justeringar i rutetidene på fleire ruter. Du finn oppdaterte rutetider i appen Skyss eller i reiseplanleggaren. I tillegg gjeld desse endringane:

Denne linja blir frå og med 29. juni erstatta av tilbodet Skyss Bestilling, som er ein buss som køyrer når han blir bestilt. Bussen køyrer midt på dagen alle kvardagar, og du kan bestille ein tur innanfor området der bussen køyrer. Området strekk seg frå Koløyhamn og Rødland i sør, Kråko i vest, Rossneset i nord og Tveita og Hungersdalen i aust. 

Les meir om Skyss Bestilling på Fitjar

Ny avgang frå Leirvik kl. 00.30 til Fitjar natt til søndagar.

Fleire avgangar på laurdagar
Det blir frå og med 29. juni sett opp fleire avgangar på laurdagar på linjene 554, 620, 671, 673, 676 og 700. Du finn oppdaterte rutetider i appen Skyss og reiseplanleggaren.

 

 

Publisert:

Oppdatert: