Hopp til hovedinnald

Det blir endringar i Aurland, Askvoll, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Lærdal, Luster, Sogndal, Solund, Sunnfjord, Vik og Årdal.

Hovudendringar: 

  • Nye bussar: Over 200 nye bussar – over halvparten elektriske. 
  • Skyss Bestilling: Alle kommunane har tilbod om bussar som køyrer på bestilling. No kan du også bestille og få varsel om turen i appen Skyss.
  • Ruteendringar: Det blir justeringar på nokre busslinjer.  

228 nye bussar – over halvparten elektriske

Frå slutten av juni kan du reise med heilt nye bussar i desse kommunane. 121 av 228 bussar er elektriske. Samla har vi dermed 412 elektriske bussar som køyrer i rute i Vestland.

Alle dei nye bussane er tilpassa menneske med funksjonsvariasjonar. Fleire bussar enn før har lågt golv ved inngangen, noko som gjer det lettare for blant andre eldre og barnefamiliar å gå av og på. Vi har også gjort det enklare å reise med barn, med integrerte barnesete og enkelte sete med isofix der du kan feste barnesetet du har med. Om du treng det, kan du lade mobiltelefonen din om bord, og vi har fått på plass skjermar som viser nyttig reiseinformasjon.

Det blir enklare å følge med på kvar bussen er sidan dei nye bussane har sanntidssystem. Det gjer at du som reisande kan sjå i Skyss-appen akkurat når bussen er berekna å gå frå haldeplassen, når det er mindre enn 15 minutt til avgangstid.

Alle dei nye bussane har kvit og oransje Skyss-profil. Dei gamle bussane i Sogn og Fjordane som no blir tekne ut av trafikk, er blå og kvite bussar med Kringom-logo. Nokre av dei nye bussane blir forseinka levert, og ein vil derfor framleis sjå ein og annan Kringom-buss i rute utover hausten. I Stad, Stryn og nordre del av Kinn kommune vart Kringom-bussane erstatta i fjor sommar.

Skyss Bestilling – bussen kjem når du bestiller han

Alle kommunane i Sogn og Fjordane får tilbodet Skyss Bestilling, som er bestillingsbussar som køyrer når nokon har bestilt dei. Tilbodet er for alle, og det er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar. Du kan til dømes bestille ein tur dersom du skal til butikken, på trening, til legen eller på besøk. Det er enkelt å bestille - i app eller på telefon.

Fleire stader vil deler av tilbodet vere kjent for nokre frå før. Mange av bestillingsrutene kjent som Serviceskyss er vidareført, med nokre endringar i til dømes dag og tidspunkt ruta går. Det same gjeld nattavgangane med Trygt heim som har vore eit tilbod i Florø, Førde, Sandane og Sogndal.

Turar med Skyss Bestilling kjem fram når du søker etter reisealternativ i Skyss-appen eller på skyss.no. Du bestiller turen i appen Skyss eller ved å ringe oss. Skyss Bestilling har same billettpris som andre bussreiser.

Her får du full oversikt over kvar du kan reise med Skyss Bestilling i kommunen din.

Endringar i rutetilbodet  

Det er mindre justeringar i rutetidene på fleire ruter. Du finn oppdaterte rutetider i appen Skyss eller i reiseplanleggaren.

I tillegg styrkar vi tilbodet på desse linjene:

Frå og med 24. juni:

  • Ny avgang frå Askvoll kl. 11.00 til Dale på kvardagar
  • Ny avgang frå Dale kl. 11.45 til Askvoll på kvardagar

Frå og med 23. juni:

  • Ny avgang frå Sogndal kl. 19.00 til Gaupne på laurdagar
  • Ny avgang frå Gaupne kl. 20.00 til Sogndal på laurdagar

 

Publisert:

Oppdatert: