Hugs at vi stiller klokka i helga
Avgangar frå klokka 05.00 søndag morgon køyrer etter normaltid.

Natt til søndag 25. oktober går vi inn i normaltid (vintertid). Vi stiller klokka ein time tilbake frå klokka 03:00 til 02:00.
Buss
Alle nattavgangar køyrer etter sommartid. Avgangar frå klokka 05:00 søndag morgon køyrer etter normaltid.Bybanen
Alle nattavgangar fram til klokka 04:30 køyrer etter sommartid. Avgangar frå klokka 05:00 køyrer etter normaltid.
Skyss Bestilling
Bestillingstransport som køyrer natt til 25. oktober, vil køyre etter sommartid heile natta.
Publisert:
Oppdatert: