Frå 1. juni stenger appen Skyss Bestilling
Bruker du appen Skyss Bestilling til å bestille busstur? Frå 1. juni må du bestille i appen Skyss.
I den nye appen Skyss har du alt i éin app: Du kan søke opp reisa di, bestille turar med Skyss Bestilling, og du kan kjøpe billetten din.
Skyss Bestilling har vore tilgjengeleg i Skyss-appen ei stund allereie, og gjer det endå enklare for deg som skal reise med oss. Når du har bestilt ein tur med Skyss Bestilling kan du følgje med på reisa di i appen og til dømes få påminning dagen før du skal reise.
Frå 1. juni stenger vi difor appen med namnet Skyss Bestilling og nettsida som har vore brukt for bestilling.
Dette skjer frå 1. juni
- Du kan ikkje bestille nye turar i appen Skyss Bestilling.
- Dersom du allereie har bestilt ein tur i appen Skyss Bestilling, vil turen gå som normalt, og du vil få varsel i appen som før.
- Opnar du appen Skyss Bestilling etter 1. juni, vil du få informasjon om at du no må bestille i appen Skyss.
- Dersom du ikke kan bruke appen Skyss til å bestille, kan du bestille ved å ringe oss på 55 55 90 99.
Last ned appen Skyss og bestill din neste tur der, vi gler oss til å sjå deg!
Les meir om Skyss Bestilling og tilbodet i kommunen din her
Videoen viser korleis du enkelt bestiller ein tur med Skyss Bestilling i den nye appen Skyss.
Publisert:
Oppdatert: