Bil på båt: Gebyr ved manglande oppmøte
Frå 1. november får du eit gebyr på 300 kroner dersom du ikkje bruker bilplassen du har reservert. Ordninga med reservasjon av bilplass gjeld for båtrutene til øyene i Florø og på rutene Ortnevik–Måren–Nordeide og Vik–Ortnevik.
Det er avgrensa plass til bilar og køyretøy på båtane, og vi anbefaler difor at du reserverer plass på førehand. Når du skal ha med bil eller anna køyretøy må du møte på kaia seinast ti minutt før avgang.
Les meir om reservasjon av bilplass
Avbestilling må skje seinast to timar før avgang
På enkelte avgangar har vi ikkje plass til alle som ønsker å ha med bil eller andre køyretøy. Dersom du ikkje skal bruke bilplassen du har reservert, er det difor viktig at du avbestiller så tidleg som mogleg, og seinast to timar før avgang.
Når du avbestiller, blir bilplassen tilgjengeleg for andre med ein gong, slik at dei kan reservere plass og planlegge reisa si.
Slik avbestiller du bilplass
Når du reserverer bilplass får du ei stadfesting på e-post og/eller SMS. I stadfestinga ligg det ei lenke som du kan følge for å sjå eller avbestille reservasjonen.
Du kan ikkje reservere på nytt før gebyret er betalt
Dersom du ikkje møter opp til avgangen du har reservert bilplass på, får du frå 1. november eit gebyr på 300 kroner. Har du ubetalte gebyr, får du ikkje gjere nye reservasjonar. Du kan reservere bilplass igjen når gebyret er betalt.
Takk for at du hjelper oss med å utnytte plassen på dekk best mogleg!
Publisert:
Oppdatert: