Hopp til hovedinnald


Kontrakten startar opp 16. august 2027 og varer i 12 år, med moglegheit for eitt års forlenging. 

Tenestetilbodet vert i all hovudsak vidareført som før, men det vil komme nye bestillingstransportløysingar.

Halvering av utsleppa

Det er stilt krav som inneber om lag 50 prosent reduksjon i klimagassutsleppa samanlikna med dagens kontrakt. 

Elektrisk drift er berre kravd på dei strekningane der infrastrukturen legg til rette for dette. I praksis tyder dette at busslinjene 300 og 300E skal køyrast med elbussar. I tillegg er det stilt krav om at enkelte avgangar på linje 310, 320 og 330 skal gjennomførast med elbusser. 

Strenge krav

Det er dessutan ei rekkje minstekrav til bussane, i hovudsak basert på den felles nordiske bransjestandarden Bus Nordic. Det inneber mellom anna krav til moderne kollisjons- og tryggleikssystem for å ivareta sjåførtryggleiken. Når det gjeld universell utforming er det stilt særleg strenge krav, også utover krava i den nemnde standarden. 

Fire leverte tilbod

Tildelinga skjer etter ein anbodskonkurranse med forhandling. Fire selskap kvalifiserte seg for deltaking og leverte også tilbod som oppfyller krava. Det var Vy Buss, Tide Buss AS, Nobina AS og Firda Billag Buss As. Vy Buss AS kjem best ut på pris, og har difor fått tildelt kontrakten. Signering av kontrakten vil fyrst skje etter utløpt karensperiode.

 

(Foto: Jannike Fredin/Skyss)

Publisert:

Oppdatert: