Nye Odda terminal opna
Måndag 4. mai opna den nye bussterminalen i Odda. Mange hadde møtt opp til taler, omvising, korpsmusikk, barnesong, kake og sjølvsagt eplejus (det er jo i Hardanger).

Frå og med i går vart også alle bussar flytta frå gamle busstasjon og til den nye bussterminalen ved smelteverkstomta. Under den offisielle opninga var det folksomt. Ikkje berre var folkevalde, utbyggarar og entreprenørar til stades, det var også ein stor delegasjon frå Vestland fylkeskommune, mange skuleelevar og sjølvsagt mange andre som ville ha med seg hendinga.
Mange fekk også med seg omvisninga på terminalen i etterkant. Då fekk dei sjå eit nytt og moderne venterom, som må seiast å vera noko ein av overgang frå den ganske slitte Odda busstasjon, som no er lagt ned. I den nye terminalen, som også skal husa turistinformasjon, kan du dessuten sjå inn på gamle Omn 3. Omnen, som i si tid var den største kalsiumkarbidomnen i verda, får dermed nytt liv, 23 år etter at Odda smelteverk vart lagt ned. Det tyder også at bussterminalen vert noko av ein industrihistorisk attraksjon i seg sjølv, og det er det ikkje mange bussterminalar som kan skryta av. 
– Det landemerket som no er rusta opp, det er unikt, sa Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug under opninga. Fylkesvaraordførar Stian Davies omtalte opninga som meir enn berre ei opning av ein bussterminal, men som ei opning av eit nytt kapittel i både Omn 3 og Odda si historie.
Den nye bussterminalen er planlagt som ein del av det nye byområdet ved den gamle Smelteverkstomta. Sjølve bygget er det Oddaterminalen AS som har ansvar for, medan Ullensvang kommune har vore ansvarlege for utomhusarbeidet og infrastrukturen rundt.
I den samanhengen er det verdt å nemna at det også skal koma tog til terminalen.
Neidå, noko bybane får ikkje Odda, men på uteområdet skal det gamle diesellokomotivet til Odda Smelteverk stillast ut. Frå 1907 til 1986 rulla det faktisk små tog (med sporvidde 750 mm) på området. Lokomotivet som skal stå utanfor terminalen er eit Levahn diesellok som populært vert kalla Nautilus, etter at det ein gong spora av og hamna i Sørfjorden.
Sjå også kundeinformasjon om opninga.
Publisert:
Oppdatert: