Betaling for køyretøy på Klokkarvik–Hjellestad
Det er vedtatt at reisande frå og med 1. juni 2026 må betale for køyretøy på ferjestrekninga Klokkarvik–Hjellestad. Det vil framleis vere gratis for køyretøy som skal til og frå Lerøy og Bjelkarøy. Målet er å redusere noko av trafikken som tar opp plass på ferja for øybuarane.

Trafikken på ferjesambandet har auka vesentleg etter at sambandet vart gratis i 2022. I tillegg har truleg køutfordringar over Sotrabrua spelt inn på trafikkmengda på ferja. Trafikkauken har ført til at ferja har utfordringar med kapasiteten på delar av døgnet.
Dette gjer at fastbuande på Lerøy og Bjelkarøy, som er avhengige av ferja for å komme seg til og frå arbeid og andre gjeremål, ikkje har tryggleik for å få plass på ferja. Situasjonen blir opplevd som uhaldbar for lokalsamfunna på øyene.
Det har vore dialog mellom VLFK/Skyss og Øygarden kommune om saka. Skyss har vurdert fleire løysingar, både bestillingsløysing, fortrinnsrett og eige køyrefelt for reisande til øyene. Ettersom det ikkje er eigna oppstillingsplass på kaiene, fall ein ned på å gå tilbake til brukarbetaling, med vedtak i fylkesutvalet 18. februar (sak PS 18/2026) (elementscloud.no). Løysinga inneber at alle som reiser på hovudstrekninga må betale for køyretøy, medan reisande til og frå øyene kan ta med køyretøy fritt. Alle passasjerar reiser gratis.
Dette inneber at reisande med bil på strekninga Klokkarvik–Hjellestad frå 1. juni vil betale for reisa med AutoPASS. For meir informasjon om betaling og prisar, sjå denne sida (skyss.no).
Skyss skal evaluere ordninga innan utgangen av 2026.
Publisert:
Oppdatert: