Hopp til hovedinnald

– Eg gleder meg til at vi no kan tilby våre reisande nye bussar. Med nesten 160 nye elbussar i rute tek vi endå eit langt steg i den grøne omstillinga i Vestland fylke, seier fylkesordførar Jon Askeland. Han viser til at klimagassutsleppa frå fylkeskommunen si drift med dette går ytterlegare ned.

Vestland er førebels fremst i Noreg med å skalere elbussar i stort omfang i distrikta, på distriktsruter med lange avstandar og lågare trafikkgrunnlag.

– Elektrifisering i krevjande topografi og med spreidd busetnad viser at grøn omstilling er mogleg overalt, påpeiker fylkesordføraren.

Strenge klimakrav

Når ein busskontrakt går ut og ein ny startar opp, blir heile bussparken bytt ut med flett nye bussar. Skyss har stilt nye og strenge krav i dei nye kontraktane, mellom anna til klimavennleg teknologi. Den elektriske bussdrifta vil samla bli på over 70 prosent i dei tre ruteområda. Elektrifisering av bussane er svært gunstig for klimaet, og det viser seg at det på sikt også er gunstig økonomisk.

– Elbussar kostar meir i investering, både i bussar og infrastruktur. Men ein rapport frå NHO Transport og Kollektivtrafikkforeningen som kom no i vår, viser at vi tener inn igjen desse investeringane i løpet av kontraktsperioden. Meir elbuss i distrikta er dermed døme på ei grøn løysing som også kastar av seg, understrekar Jon Askeland.

Tre nye busskontraktar

I dag 24. juni er det offisiell oppstart i Førde for den største av dei tre nye busskontraktane. Ruteområdet har hovudsete i Førde og dekker heile Sunnfjord, søre del av Nordfjord og mesteparten av ytre Sogn. Kontrakten vert drifta av busselskapet Firda Billag Buss AS, på oppdrag for Skyss i Vestland fylkeskommune.

– Dette er ein stor dag for oss. Firda har vore på vegane her i 106 år, og vi gleder oss til enno fleire år, seier Lars Andreas Kårstad, dagleg leiar i Firda Billag Buss.

– Oppstart i eit så komplekst ruteområde krev grundige førebuingar, og vi er skikkeleg stolte av arbeidet dei tilsette har lagt ned for å få alt på plass. Nye, elektriske og tryggare bussar vert no eit viktig bidrag til sjåfør-rekrutteringa, påpeiker Kårstad.

I går 23. juni starta Skyss og Tide Buss opp ny busskontrakt i indre Sogn. På måndag 29. juni er det oppstart for ny kontrakt for kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio i Sunnhordland, også der med Tide Buss bak rattet.

– Dette er ein viktig milepæl for oss, sjølv om vi allereie kjenner rutene og har lang erfaring frå områda. Bak oss ligg månader med førebuingar og ein imponerande innsats frå medarbeidarar i mange delar av organisasjonen. Nye og moderne bussar vil gi både passasjerane ei god reiseoppleving og sjåførane ein tryggare og betre arbeidskvardag. Vi er svært glade for tilliten og ser fram til å fortsette å levere eit godt kollektivtilbod i indre Sogn og Sunnhordland, seier Jørgen Haukås, administrerande direktør i Tide Buss.

Skyss Bestilling

Busstilbodet i dei tre ruteområda blir i hovudsak det same som før, men med enkelte justeringar. Den største endringa er at ulike bestillingsruter no blir samla under paraplyen Skyss Bestilling. Dei køyrer når nokon har bestilt dei, og du blir henta der du er og køyrt dit du skal. Meir informasjon om tilbodet i kvar kommune finst på skyss.no/bestilling

Du kan sjå kor bussen er

Dei nye bussane har sanntidssystem, som er ei svært nyttig forbetring for reisande i Sogn og Fjordane. Sanntid gjer at dei reisande kan sjå i Skyss-appen kor bussen er og kor lenge det er til den kjem. Dei gamle bussane i Sogn og Fjordane har ikkje hatt sanntid, og med dette får dermed heile Vestland sanntid på bussen.

Dei nye bussane har også system for automatisk passasjerteljing, noko som over tid vil gi Skyss mykje betre reisestatistikk enn før.

Framleis behov for nokre dieselbussar

At talet på elektriske bussar ikkje er endå høgare, er mellom anna knytt til at det mange stader trengst minibussar. Bussprodusentane har så langt ikkje kunna levere elektriske minibussar av ønskt kvalitet for norske forhold.

Der det er kjøpt inn dieselbussar av vanleg storleik, heng det saman med vegbruksklassar. I Sunnhordland og indre Sogn har delar av vegnettet for låge vegbruksklassar for elbussar, som er tyngre enn dieselbussar.

Lettare å komme seg på bussen

Med dei nye kontraktane kjem det fleire lågentrébussar på vegane enn før. Ein lågentrébuss er ein buss som har lågt golv ved dørene, som gjer det lettare for reisande å gå av og på, til dømes eldre, barnefamiliar og personar med funksjonsvariasjonar. For at fleire skal kunne reise enkelt med buss, ønsker Skyss å bruke lågentrébussar der det er mogleg.

Lågentrébussar køyrer både elektrisk og på diesel.

Lågentrébussar har ikkje eigne bagasjerom under bussen. Fordelinga av kva busstypar som skal køyre kor, er basert på erfaring med kor det normalt er flest reisande med bagasje. I nokre av bussane er det eigne bagasjestativ inne i bussen. Ein kan alltid ta med bagasje på bussen dersom det er plass om bord og det er mogleg å plassere den trygt, også på bussar utan bagasjestativ eller bagasjerom.

–  Vi stiller høge krav til bussmateriellet og til drifta. Skyss sitt mål er eit godt og føreseieleg busstilbod i alle ruteområda våre, seier direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø.

Fakta:

  • Her er rapporten frå NHO Transport og Kollektivtrafikkforeningen: https://www.transport.no/siteassets/2026/stakeholder---notat-elbusser---dieselbusser.pdf (pdf)
  • Skyss sin busspark i Vestland har gradvis blitt bytt ut med elektriske bussar sidan 2020. Utsleppa frå buss går ned 37 prosent samanlikna med 2019, då heile bussparken gjekk på diesel.
  • Neste år går totalutsleppet enno litt vidare ned når 50 prosent av utsleppa blir kutta i den kommande busskontrakten for Nordhordland og Gulen.

Nye elbussar i rute frå juni 2026:

38 i Sunnhordland (av totalt 61 nye bussar), 97 i Førde (av totalt 161) og 24 i indre Sogn (av totalt 67).

Totalt tal på elektriske bussar i Vestland etter 29. juni 2026:

  • Sogn og Fjordane: 36 (Nordfjord) + 121 (Sunnfjord + Sogn) = 157
  • Hordaland: 104 (Hardanger/Voss) + 38 (Sunnhordland) + 113 (Bergen) = 255

Totalt tal elbussar i rute for Skyss i heile Vestland = 412
Totalt tal bussar i rute for Skyss i heile Vestland = ca. 1200

(Begge foto: Firda Billag Buss AS)

Publisert:

Oppdatert: