Hopp til hovedinnald

Åshild Fossgard Sandøy er jurist og jobbar i kontraktavdelinga i Skyss. Juss eit svært viktig fagområde i verksemda, sidan ferje og kollektivtrafikk vert drifta av private trafikkselskap som har anbodskontraktar med Skyss.

Fersking på intervju

Åshild starta i Skyss for 14 år sidan, og ho var ikkje eingong ferdig med jusstudiet då ho var på intervju.

– Eg søkte jobben fordi kontraktsrett var eitt av favorittfaga mine då eg studerte. Det som er litt artig, er at eg faktisk ikkje kunne noko om offentlege anskaffingar, og eg syntest det verka litt kjedeleg. No synest eg at det er kjempespennande, ler Åshild.

– Det er ein ny tvist kvar gong. Alle anskaffingar er ulike, og kvar gong må du finne ut kva for verkemiddel du må vri på, utdjupar ho.

Elskar å jobbe i team

Jobben hennar går i hovudsak ut på å gjennomføre konkurransar mellom operatørselskap om nye mobilitetskontraktar. Dette inneber å sette saman ein kontrakt og utforme konkurransegrunnlaget, som skal vere rammene for både kva Skyss og operatøren skal yte dei neste 10-15 åra.

– Eg leier anskaffingsprosjektet og koordinerer alle avdelingar og fagpersonar i Skyss som har bidrag inn i den framtidige kontrakten. Det er veldig kjekt å jobbe i team, ikkje minst fordi det er sosialt, seier Åshild.

Ho likar godt dynamikken i å spele ball med andre gjennom prosessen, og ho synest at det tverrfaglege arbeidet er motiverande.

– Folk i Skyss har så forskjellig bakgrunn! Eg merkte meg det frå dag ein. Eg kom rett frå juss på universitetet, der alle vart opplært etter same «mal». I Skyss har folka veldig stor spennvidde, det er alt frå tidlegare bussjåførar og navigatørar til akademikarar på mange ulike fagområde. Det er også ein god aldersmiks, og veldig mange hyggelege folk. I tillegg har eg ein heilt fantastisk leiar, understrekar Åshild.

Kjenner på samfunnsnytta

Som jurist kunne Åshild ha jobba mange andre stader, men ho peikar på at samfunnsnytta ved å jobbe i Skyss, kjenst veldig stor.

– Eg har ei veldig sterk kjensle av å ha ein nyttig jobb. Eg går ofte heim og tenker at eg har bidratt til noko bra. Det gjeld både det å oppfylle klimamål og for samfunnsøkonomien, og innhaldet i kvar enkelt kontrakt. Eg trur mange i Skyss kjenner på det same, at vi har ei meiningsfull oppgåve, seier ho.

Utanom jobben har ho førebels ikkje tid til så mykje anna enn familieliv, men ho brukar evna si som prosjektleiar til å koordinere aktivitetar med venner og familie. Og ho medgir at sjølv om ho ikkje er nokon kollektivnerd, så blir det likevel ofte mange foto av kollektivtrafikken når ho er på ferie i utlandet.

– Vi var i Nice og Montpellier i sommar, og sjølv mannen min vart oppteken av å ta bilete av bybane og elektriske bussar, smiler Åshild.

Publisert:

Oppdatert: