Hopp til hovedinnald

Mads Børholm Nilsen er ein av kollektivvaktene i avdelinga Kunde og marknad. Kollektivvaktene har hovudansvaret for å observere trafikkbiletet, og dei legg til rette for at våre reisande, operatørar og ymse interessentar internt får informasjonen dei treng om både planlagde avvik og akutte hendingar i trafikken. Dei bidrar òg inn i tverrfaglege grupper for større planlagde avvik, for å sørge for minst mogleg påverknad på kollektivtrafikken og at publikum får god informasjon om eventuelle endringar.

17-åringen fann varmen hos Skyss

– Eg har jo prøvd meg på nokre studiar, men eg fann aldri heilt ut kva for ei retning eg ville gå, og eg følte heller ikkje at eg fann noko som verka relevant for meg. Eg tek gjerne imot tips, legg han til med eit smil.

Som 17-åring fekk åsabuen sin første jobb i Skyss. Her starta han i det som då var kalla rutetelefonen, i dag kjent som kundesenteret. Sidan den gongen har han vore innom ulike posisjonar, før han enda opp i kollektivvakta.

– Eg har jo jobba her veldig, veldig lenge. Eg har gått frå å tru at Fana og Fanatorget er same stad, til å no ha så god lokalkunnskap at eg kjenner til dei mest avsidesliggande delane i fylket der det går buss. Her har nok interessa mi for geografi kome godt med. Men eg føler jo at eg har jobba meg opp på eit vis og gjort meg fortent meir tillit og ansvar, rett og slett gjennom å ha fått arbeidet gjort.

Gjennom mange år i Skyss har Mads opparbeidd seg ein kunnskaps- og erfaringsbank mange kan sjå langt etter. Dette kom godt med då det i 2019 blei vasslinjebrot ved E39 i Sandviken, og ein trengte erfarne problemløysarar for å finne ut korleis dei kunne køyre kollektivtilbodet neste morgon.

– Det var utruleg utfordrande, og vi tenkte mange tankar og vurderte mange løysingar, nokre mindre gode og nokre gode. Men til slutt fekk vi løyst det på ein god måte, og det var svært spennande å stå midt i det heile.

Rom for både dei faglege diskusjonane og litt tull og tøys

– Svaret på kva eg likar best med Skyss er jo veldig politisk korrekt. Det er utan tvil kollegaene og det gode samhaldet. Men det er også utruleg kjekt med dei varierte oppgåvene som ligg til avvikshandtering av kollektivtrafikken. Hos Skyss er det rom for å tulle og tøyse, samtidig som vi har veldig gode, faglege diskusjonar. Det gjer at vi kjem fram til dei beste løysingane for dei reisande i ein avvikssituasjon. Eller, i alle fall dei beste løysingane oppe i hovudet vårt.

Mads er ein som likar å gi folk ein liten latter i løpet av arbeidsdagen. Som han seier sjølv, er det viktig med humor i ein travel og krevjande kvardag. Dette kjem også godt med når han dagleg er i kontakt med både bussoperatørar og entreprenørar. Den gode tonen legg grunnlaget for gode diskusjonar om løysingar for pågåande arbeid.

Publisert:

Oppdatert: