Hopp til hovedinnald

Ekspressbuss - avgangar merkte med VY og NW

Ekspressbussaktørane Vy og NOR-WAY Bussekspress har fleire ruter til/frå og gjennom Vestland. I reiseplanleggar og rutetabellar er avgangar med ekspressbuss merkte med VY eller NW, med eit tal bak.

På ekspressbussane gjeld eigne prisar og reglar. Du finn informasjon om dette på Vybuss.no og Nor-Way.noOversikt over rutene finn du her.

Du kan ikkje kjøpe enkeltbillett til reiser med ekspressbuss i Skyss-appen. Enkeltbillettar må du kjøpe hos selskapet som køyrer ruta, enten om bord, i app eller på nettsida.

Unntak: Enkeltbillett på Haukeliekspressen (NW180)
På Haukeliekspressen (NW180) kan du på strekninga Odda-Røldal-Etne reise med Skyss enkeltbillett som er gyldig i sone D. Du kan kjøpe billetten i Skyss sine kanalar, om bord i bussen eller i NOR-WAY Bussekspress sine kanalar. Dersom du har billetten på Skysskort, må du vise kvittering frå nettbutikken i tillegg til Skysskort. 

Billettar kjøpt i NOR-WAY Bussekspress sine sine kanalar er berre gyldige på NW180 Haukeliekspressen. Dei kan ikkje brukast på Skyss sine transportmiddel. Unntaket er dersom du har kjøpt billett hos NOR-WAY Bussekspress til Haukeliekspressen, der billetten også gjeld heile eller deler av strekninga Seljestad-Bergen. Denne billetten kan brukast på Skyss linje 930.

Nokre av periodebillettane våre er gyldige på ekspressbussane til Vy Buss og NOR-WAY Bussekspress. Dette gjeld:

  • 30- og 180-dagars periodebillett.
    • Du må ha periodebillett for sonene der du reiser med ekspressbussen. Ved reiser utover sonene du har gyldig periodebillett for, må du kjøpe enkeltbillett hos Vy Buss eller NOR-WAY Bussekspress. Du betaler for den strekninga du ikkje allereie har billett for.
  • 30-dagars ungdomsbillett.

Merk: Dersom du har Skyss-billett på Skysskort (30 og 180-dagars periodebillett eller 30-dagars ungdomsbillett), må du vise kvittering frå nettbutikken i tillegg til Skysskort når du skal reise med ekspressbuss.

Strekningar der Skyss-billettar ikkje kan nyttast:
Ver merksam på at Skyss-billettar ikkje kan brukast på ekspressbuss på strekningar der Skyss sjølv har eit godt tilbod. Dette gjeld alle ekspressbussruter rundt Bergen på strekningane

  • mellom Bergen busstasjon og Knarvik
  • mellom Bergen busstasjon og Halhjem
  • mellom Bergen busstasjon og Trengereid

Skal du reise på desse strekningane må du kjøpe eigen billett hos Vy Buss eller NOR-WAY Bussekspress.

Reserver plass når du har periodebillett
For at du skal vere garantert plass på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du hos Vy Buss eller NOR-WAY Bussekspress.

Dersom du har periodebillett eller ungdomsbillett som gjeld på reisa, kan du reservere plass mot ei tilleggsavgift. Du finn meir informasjon om dette på vybuss.no og nor-way.no.

Flybussar - avgangar merkte med FB

I appen Skyss kan du ikkje kjøpe billett til flybussane i Vestland. Under finn du informasjon om prisar og korleis du kjøper billett til flybussane i Bergen, Førde og Sogndal.

Bussruter til og frå Bergen Lufthavn Flesland blir køyrde av Flybussen. Bussen går til/frå Bergen sentrum og Åsane, via Knappetunnelen og Fyllingsdalen. Du finn informasjon om rutetider, haldeplassar, pris og billettkjøp på flybussen.no.

Rutetabellar

Du finn alltid oppdaterte tider i appen Skyss og reiseplanleggaren på nett.

Prisar og billettar
Flybussane til/frå Førde lufthamn Bringeland og Sogndal Lufthamn Haukåsen har eigne prisar og reglar.

På reiser med flybussen som startar eller sluttar på flyplassen gjeld følgande:

  • Enkeltbillettar for vaksen kostar 156 kroner. Enkeltbillettar for barn, honnør og militær kostar 78 kroner.
  • Du kjøper billett om bord på bussen, der du kan betale med kontantar eller med bankkort.
  • 30-dagars ungdomsbillett kan brukast som billett.

Merk: Familierabatt, grupperabatt og reiserabatt gjeld ikkje.

På korte reiser med flybussen som ikkje startar eller avsluttar på flyplassen gjeld følgande reglar:

  • Du betaler vanleg enkeltbillettpris for ei sone.
  • Du kan bruke ungdomsbillett og periodebillettar (7-, 30- og 180-dagarsbillett).

Meir informasjon om å reise kollektivt til og frå flyplassar i Vestland finn du her.

Ekspressbåt - båtrutene 190 og 890

På ekspressbåtrutene mellom Bergen–Sogn (linje 890) og Bergen–Nordfjord (linje 190) gjeld eigne prisar, rabattar og billettar, som du finn på norled.no. Du kan bestille billettar direkte på booking.norled.no.

I appen Skyss kan du kjøpe billettar til linje 190 for strekningar mellom Florø og Måløy.  

Dersom du kjøper billettar i appen Skyss Billett eller Skyss nettbutikk for strekningar mellom Florø og Måløy, kan du bruke desse på linje 190 Bergen–Nordfjord.

Tog - linje R40 og L4

Du kan bruke utvalde Skyss-billettar på reiser med lokaltog mellom Bergen og Arna/Trengereid, og mellom Bergen og Voss stasjon.

  • Enkeltbillett og 24-timersbillett for sone A kan brukast på reiser mellom Bergen og Arna/Trengereid.
  • 7-, 30- og 180-dagarsbillettar for sone A, E og F kan brukast på strekninga mellom Bergen og Voss stasjon. Dersom du skal reise heile vegen mellom Bergen og Voss stasjon, må du ha periodebillett for alle tre sonene.
  • 30-dagers ungdomsbillett kan brukast på alle strekningar mellom Bergen og Myrdal.

Hugs at du må vise kvittering for gyldig billett til konduktør. 

Les meir om billettar og prisar for tog her.

Reiser til og frå andre fylke

På Fram sine ruter til og frå Møre og Romsdal fylke, gjeld Fram sine prisar og billettar. Sjå frammr.no for meir informasjon.

Linje 180 og 181 – reiser mellom Vestland og Møre og Romsdal
Busslinjene 180 Stryn–Ålesund og 181 Nordfjordeid–Folkestad køyrer mellom Vestland og Møre og Romsdal. På desse linjene gjeld både Skyss og Fram sine billett- og prisreglar, avhengig av kvar du reiser.

Felles reglar for begge linjene:

  • Når du skal reise i Vestland kan du kjøpe billett hos Skyss – i appen Skyss, på skyss.no, med SMS eller om bord. Inntil vidare kan du også kjøpe billett i appen Skyss Billett.
  • Når du skal reise i Møre og Romsdal kjøper du billett hos Fram eller om bord.
  • Når reisa di kryssar fylkesgrensa, må du kjøpe billett hos Fram eller om bord.

Kor langt Skyss-billetten gjeld:

  • Linje 180 Stryn–Ålesund: Skyss sine billettar og prisar gjeld til og frå Kjøs bru.
  • Linje 181 Nordfjordeid–Folkestad: Skyss sine billettar og prisar gjeld til og frå Stigedalshytta.

FlixBus køyrer mellom Bergen og Stavanger. På desse avgangane gjeld eigne prisar og reglar. Du finn informasjon på FlixBus.no.

På Kolumbus sine bussar gjeld eigne prisar og billettar. Sjå kolumbus.no for meir informasjon. 

På bussar som vert køyrde av Innlandstrafikk, til og frå Innlandet fylke, gjeld Innlandstrafikk sine prisar og billettar. Sjå innlandstrafikk.no for meir informasjon.

Andre reisetilbod

På følgande båtruter kan du ikkje kjøpe billett i appen Skyss.

Du finn informasjon om billettar og prisar ved å klikke på lenkene over.

Ulriken:
Gondolbana Ulriksbanen i Bergen går mellom  Haukelandsbakken, over Haukeland Universitetssykehus, og til toppen av fjellet Ulriken. Informasjon om billettar og prisar finn du her.

Beffen:
Beffen er namnet på ulike båtruter i hamnebassenget i Bergen. Informasjon om billettar og prisar finn du her.

Bergenskortet er godt eigna for turistar og gir deg fri reise med Skyss sine bussar i Vestland, Bybanen i Bergen og båtrutene Askøybåten og Nordhordlandsbåten. I tillegg får du fri inngang eller rabatt til ei rekke museum, attraksjonar, kulturtilbod, ulike sightseeingtilbod, restaurantar og parkering.

Informasjon om Bergenskortet

Treng du hjelp?

Er du framleis usikker på kva billett du treng?

Bruk reiseplanleggaren i Skyss-appen for å sjå kva som gjeld for reisa di, eller ta kontakt med kundesenteret vårt.