Bli kjent med den nye appen Skyss
Frå 9. mars lanserer vi appen «Skyss». No blir det enklare for deg å finne, planlegge og betale for reisa – alt på ein stad.

Skyss Reise blir automatisk oppdatert
Bruker du appen Skyss Reise i dag? Når vi lanserer den nye appen Skyss, blir appen Skyss Reise automatisk oppdatert. Ikonet på skjermen din vil sjå slik ut, og du er klar til å bruke éin app til alt.

Når blir den nye appen tilgjengeleg, og korleis fungerer overgangen frå dagens appar?
Den nye appen Skyss blir gradvis tilgjengeleg frå 9. mars 2026. Oppdateringa skjer gradvis, som betyr at ikkje alle får den samtidig.
- Har du iPhone og appen Skyss Reise med automatisk oppdatering, blir han automatisk oppdatert til den nye Skyss-appen i perioden frå 9. mars og om lag to veker fram i tid. Etter 9. mars kan du også oppdatere appen sjølv i App Store.
- Har du ikkje appen Skyss Reise frå før, kan du laste ned den nye Skyss-appen frå App Store frå 9. mars.
- Har du Android-telefon og appen Skyss Reise og automatisk oppdatering, blir han automatisk oppdatert til den nye Skyss-appen i perioden frå 9. mars og om lag to veker fram i tid. Etter to veker, kan du oppdatere appen sjølv i Google Play.
- Har du ikkje appen Skyss Reise frå før, kan du laste ned den nye Skyss-appen frå App Store frå 23. mars.
Appane Skyss Billett og Skyss Bestilling vil vere som før inntil vidare.
Korleis fungerer reisesøk i den nye appen?
Du kan søke opp ei reise på fleire måtar.
- Du kan skrive namn på haldeplass eller stad i «Frå»- og «Til»-felta og få opp forslag til reisemåtar.
- Du kan klikke på «Sjå avgangar» og legge inn haldeplassen du ønsker å sjå avgangar frå.
- Du kan klikke på ein aktuell haldeplass på kartet og sjå dei neste avgangane.
Treng du ikkje lenger Skyss Billett?
Har du brukt Skyss Billett til å kjøpe billettar, treng du ikkje den appen lenger. No kan du søke etter reisealternativ og kjøpe billett i den nye appen Skyss. Har du reiserabatt i appen Skyss Billett, får du ikkje med deg rabatten over i ny app. Oppteninga av reiserabatt startar på nytt i den nye appen.
Korleis kjøper eg billett i den nye appen?
Du kan kjøpe billett på fleire måtar:
- Du kan klikke på fana «Billett» og velje «Kjøp billett». Her vel du type billett, billettkategori og kor du skal reise frå og til.
- Du kan klikke på fana «Billett» og velje ein billett under «Hurtigkjøp». Dette er ein billettype du har kjøpt før.
- Du kan kjøpe billett via reisesøk. Klikk på fana «Reise» og vel kor du skal reise frå og til. Når du har valt reise, kjem det opp kva billett du treng, øvst. Klikk på «Kjøp billett».
Finn eg skoleskyssbillettane i den nye appen?
Skoleskyssbillettar er ikkje i den nye appen enno, men kjem seinare. Skoleelevar har framleis billettane sine i appen Skyss Billett, men kan bruke Skyss-appen til reiseplanlegging.
Nokre av funksjonane i den nye appen
Finn reiserute og kjøp billett
I Skyss-appen er det enkelt å kjøpe billett til reisa di.
Søk opp og vel reisa du skal ta. Appen fortel deg kva billett du treng, og du kan klikke på «Kjøp billett» og kjøpe billetten der og då. Billetten startar først når reisa di tek til. Dersom du må reise før eller seinare enn planlagt, kan du gå inn på billetten og endre tidspunktet billetten skal gjelde frå.
Dersom det er ei reise Skyss ikkje sel billett til, vil appen fortelje deg kvar du kan kjøpe billett.
Kjøp billett til andre
I appen Skyss kan du kjøpe billett til andre. Under fana «Billettar» vel du «Kjøp billett» og deretter «Billett til andre». Klikk på «Del billett» og send billetten via SMS, e-post eller sosiale medium. Mottakaren mottar en kode og må sjølv ha appen Skyss for å hente inn billetten. Billetten må hentast innan 20 dagar, viss ikkje får du refundert summen.
Dersom nokon har kjøpt ein billett til deg, får du ei lenke med ein billettkode. Klikk på lenka, så opnar Skyss-appen seg, og du kan legge inn billettkoden under fana «Profil» og «Hent billett». Deretter kan du velje starttidspunktet for billetten.
Du må ikkje ha profil for å sende og motta billettar.
Sjå kor buss, båt og ferje er i sanntid
Står du på haldeplassen og lurer på om bussen nærmar seg, eller om han er forseinka? I appen kan du opne den avgangen du skal ta og sjå i kartet kor bussen er akkurat no. Appen tel også ned og viser når bussen er forventa å køyre frå haldeplassen.
Du får i dag sanntidsinformasjon om bussar i Hordaland og Nordfjord, i tillegg til båtar og ferjer i heile Vestland. I løpet av 2026 kjem dette også for bussar i Sunnfjord og Sogn. Etter kvart vil du og kunne følge bybanen i sanntid.
PS: Du treng ikkje oppdatere sanntidsprognosen sjølv, det gjer appen automatisk nesten kontinuerleg.
Abonner på periodebillett
Du kan abonnere på 30-dagars ungdomsbillett og 30-dagarsbillett for vaksen, student, honnør og militær. I billettdetaljane på periodebilletten du har kjøpt, finn du valet «Start abonnement».
Det vil seie at du ikkje treng å hugse på å kjøpe ny billett når den går ut etter 30 dagar. Periodebilletten din blir automatisk fornya.
Kva er nytt i den nye appen?
Du vil sjå at Skyss-appen fungerer på ein litt annan måte enn appane Skyss Reise og Skyss Billett. I tillegg er det fleire nye ting du kan gjere i appen.
Du kan
- kjøpe billettar og sende dei til andre som har appen
- kjøpe billettar som startar på eit bestemt tidspunkt fram i tid
- endre tidspunktet for billettar du har kjøpt fram i tid
- kjøpe billett til akkurat den reisa du har søkt på
- lagre konkrete reiser som du skal ta fram i tid
- abonnere på 30-dagars periodebillett og 30-dagars ungdomsbillett
- sjå bussen i sanntid på kartet
- velje mellom lys og mørk bakgrunn
- sjå el-sparkesyklar på kartet
- filtrere på fleire måtar når du søker etter reiser
- bestille reiser med Skyss bestilling
- under "Billett" finne hurtigkjøp, som viser dei siste billettane du har kjøpt. Det gjer det mogleg å raskt kjøpe same billett på nytt.
- lagre favoritthaldeplassar og linjene du vil vise avgangstider for. Denne funksjonen er litt annleis enn favorittfunksjonen i Skyss Reise.
Kva funksjonar finn du ikkje i den nye appen?
- Mobilkonto forsvinn. Har du mobilkonto i appen Skyss Billett, bruk opp denne der, for du kan ikkje ta med deg pengane til den nye Skyss-appen.
- Det vil ikkje vere mogleg å betale via telefonrekninga i den nye Skyss-appen.
- Kjøpsløysing for bedrifter og organisasjonar. Du som har bedriftsavtale kan ikkje kjøpe billettar i den nye Skyss-appen som bedrifta di betalar for. Du må bruke Skyss Billett inntil vidare.
Fleire spørsmål og svar finn du her
Slik brukar du appen
Sjå korleis du på ulike måtar kan bruke appen Skyss for å planlegge ei reise.
Sjå korleis du på ulike måtar kan bruke appen Skyss for å kjøpe billett til reisa di.
Sjå korleis du med appen Skyss kan kjøpe billett til andre.
Berre å glede seg!
Publisert:
Oppdatert: