Hopp til hovedinnald

Reiseplanleggaren og appen Skyss Reise er oppdatert med endringar for både buss, bybane, båt og ferje. I Bergen, Askøy, Øygarden, Nordhordland og Os i Bjørnafjorden set vi også inn ekstra bussar når flest skal reise til og frå sentrum. Desse ekstra skyttelbussane finn du ikkje i reiseplanleggaren. Vi køyrer også nattavgangar frå Bergen natt til  17. og natt til 18. mai. 

Kollektivtrafikken i Bergen på 17. mai

Bergen sentrum er stengt for kollektivtrafikk kl. 07.00–15.00. Bussane må køyre andre traséar enn vanleg i perioden, og kan ikkje bruke alle haldeplassar som normalt. Berekn ekstra god tid til reisa di denne dagen, og ver førebudd på periodar med kø og trengsel ved knutepunkta.

Haldeplassane i Bergen sentrum

Haldeplassar i Bergen sentrum før kl. 07.00 og etter kl. 15.00.

Haldeplassar i Bergen sentrum mellom kl. 07.00 og kl. 15.00.

  • Linje 3 Støbotn–Bontelabo
  • Linje 4 Flaktveit–Bontelabo
  • Linje 12 Lønborglien–Bontelabo           
  • Linje 16E Øyjorden–Bontelabo
  • Linje 19 Åsane terminal–Bontelabo           
  • Linje 39 Tertnes–Bontelabo
  • Linje 5   Sletten–Nygaten 
  • Linje 6   Birkelundstoppen–Nygaten
  • Linje 11 Starefossen–Nygaten
  • Linje 16E Nesttun–Nygaten
  • Linjer til Askøy og Øygarden
  • Linje 3 til Vadmyra
  • Bybanen mot Bergen lufthavn og Fyllingsdalen
  • Busslinjer til og frå Bergen sør, Bergen Vest, Askøy, Øygarden og Nordhordland.

Perrongar på Bergen busstasjon før kl. 07.00 og etter kl. 15.00.

Perrongar på Bergen busstasjon mellom kl. 07.00 og 15.00.

For å få best mogelg søkeresultat anbefalar vi å gjere søk frå Bontelabo, Nygaten, Lars Hilles gate eller Bergen busstasjon i perioden sentrum er stengt.

Stengde tunnelar på Laksevåg

Damsgårdstunnelen, Løvstakktunnelen og Nygårdstunnelen (mot sentrum) blir stengd for privatbilar i tidsrommet kl. 08.30–12.00. Bussane får køyre i tunnelane, og bussar på linje 6 og 19 vil køyre ein einvegskøyrd trasé mellom Bergen busstasjon og Melkeplassen/Lyngbø for å unngå køen i denne perioden. Detaljar finn du i oversikta under og i reiseplanleggaren.

17. mai-tog på Nesttun kl. 11.00–13.00

På grunn av 17.mai-tog mellom Skjold skole og Nesttun blir det endring på nokre avgangar på linje 16E, 20, 29, 70, 83 og 610. Detaljar finn du i oversikta under i reiseplanleggaren.

Endringar på dei ulike linjene:

I stengeperioden kl. 07.00-15.00:

  • Første haldeplass frå sentrum er Bergen busstasjon. 
    Haldeplassane Byparken og Nonneseter er ikkje i bruk.
  • Siste haldeplass i sentrum er Nonneseter.
    Haldeplassen Byparken er ikkje i bruk.

Her kan du sjå start- og endehaldeplassar i kartet

I stengeperioden kl. 07.00-15.00:

  • Start- og endehaldeplass i sentrum er Bergen busstasjon
    Haldeplassane Kaigaten og Nonneseter er ikkje i bruk.

Her kan du sjå start- og endehaldeplassar i kartet

Traséen til linje 3 blir delt i to i stengeperioden kl. 07.00–15.00:

  • Bussane køyrer mellom Støbotn og Bontelabo.
  • Bussane køyrer mellom Vadmyra og Lars Hilles gate.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30–12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane. 

Traséen til linje 4 blir delt i to i stengeperioden kl. 07.00–15.00:

  • Bussane køyrer mellom Flaktveit og Bontelabo.
  • Bussane køyrer mellom Hesjaholtet og Bergen busstasjon U.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane. 

Traséen til linje 5 blir delt i to i stengeperioden kl. 07.00-15.00:

  • Bussane køyrer mellom Fyllingsdalen terminal og Bergen busstasjon U.
  • Bussane køyrer mellom Sletten snuplass og Nygaten.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Traséen til linje 6 blir delt i to i stengeperioden kl. 07.00-15.00

  • Bussane køyrer mellom Birkelundstoppen og Nygaten.
  • Bussane køyrer mellom Lyngbø og Bergen busstasjon P.

Endring i trasé på Laksevåg ca. kl. 08.00-12.00
Bussane køyrer frå Bergen busstasjon via Laksevåg til Lyngbø, vidare gjennom Damsgårdstunnelen og over Puddefjordsbrua tilbake til Bergen busstasjon. Reisande som skal til sentrum må bruke haldeplassen på motsett side.

Her kan du sjå traseendring i kart på Laksevåg kl. 08.00-12.00

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane. 

 

Bussar på linje 10 køyrer mellom Mindeveien/Wergeland og Bergen busstasjon perrong O i stengeperioden kl. 07.00-15.00. Linja er innstilt til og frå Mulen.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Bussar på linje 11 køyrer mellom Starefossen og Nygaten i stengeperioden kl. 07.00-15.00. Linja er innstilt på strekninga sentrum–Nordnes.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Traséen til linje 12 blir delt i to i stengeperioden kl. 07.00-15.00:

  • Bussane køyrer mellom Lægdene/Montana og Bergen busstasjon N.
  • Bussane køyrer mellom Lønborglien og Bontelabo.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane. 

Bussar på linje 13 køyrer Bergen busstasjon N–Solheimsviken–Bergen busstasjon N i stengeperioden kl. 07.00-15.00. Bussane stoppar ikkje på Festplassen.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Bussar på linje 15 køyrer mellom Bergveien og Bergen busstasjon H i stengeperioden kl. 07.00-15.00. Haldeplassane Festplassen og Olav Kyrres gate blir ikkje brukte.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Traséen til linje 16E blir delt i to i stengeperioden kl. 07.00-15.00:
• Strekninga Nesttun–Sædalen–Nygaten.
• Strekninga Øyjorden–Bontelabo.

17. mai-tog på Nesttun

På grunn av 17. mai-tog blir Nesttun terminal stengd i ein periode. Bussar på linje 16E vil då gå mellom Nygaten og Sandbrekkeveien. Bussane stopper ikkje på haldeplassane Nesttun terminal, Heradshuset, Totlandsbro og Midtun på følgande avgangar:

Frå Nygaten i sentrum (mot Nesttun): 

  • Kl. 10.55, 11.25, 11.55, 12.25.

Frå Nesttun (avgangstider frå Sandbrekkeveien):

  • Kl. 11.24, 11.34, 11.44, 11.54, 12.05, 12.35, 13.05.

Klikk her for kart.


Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Bussar på linje 18 køyrer mellom Barliveien til Bergen busstasjon perrong U i stengeperioden kl. 07.00-15.00. Linja er innstilt på strekninga Formanns vei–sentrum.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Traséen til linje 19 blir delt i to i stengeperioden kl. 07.00-15.00:

  • Køyrer mellom Åsane terminal, Eidsvågneset og Bontelabo.
  • Køyrer mellom Løvstakkskiftet og Bergen busstasjon P.

Endring i trasé over Melkeplassen ca. kl. 08.00-12.00:
Mellom ca. kl. 08.00 og 12.00 vil bussar på linje 19 køyre frå Bergen busstasjon til Klauvsteinen via Melkeplassen, vidare ned mot Fyllingsdalen og via Løvstakktunnelen tilbake til Bergen busstasjon.

Reisande som skal mot sentrum må bruke haldeplassen på andre sida av vegen (mot Fyllingsdalen terminal). Haldeplassen Løvstakkskilftet er ikkje i bruk.

Her kan du sjå kart over endring i trasé kl. 08.00–12.00Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

På grunn av 17. mai-tog på Nesttun køyrer ikkje bussen til/frå Nesttun terminal på følgande avgangar:

  • Tur med avgang frå Birkelundstoppen (mot Nesttun) kl. 11.48
  • Kl. 12.01 (mot Storavatnet) startar frå Hopsbro. 

Bybanelinje 1 går mellom Hop og Nesttun.

Klikk her for kart.Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert.

På grunn av 17. mai-tog på Nesttun blir nærmaste haldeplass Totlandsbru. Haldeplassane Nesttun terminal og Heradshuset blir ikkje brukt på følgande avgangar:

Avgangar frå Arna terminal:

  • Kl. 10.40, 11.10, 11.40 og 12.10.

Avgangar frå Nesttun terminal (avgangstider frå Totlandsbru):

  • Kl. 11.06, 11.37, 12.07 og  12.37.

Klikk her for kart.

Bussane køyrer mellom Viddalen og Bontelabo. Linja er Innstilt mellom Bontelabo og Bergen busstasjon i stengeperioden kl. 07.00–15.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Bussar på linje 40 køyrer mellom Olsvik og Bergen busstasjon H i stengeperioden kl. 07.00-15.00. Festplassen og Olav Kyrres gate blir ikkje brukte.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Bussane køyrer vanleg trasé, men nokre avgangar er forlenga til Bergen busstasjon U på formiddagen. Det gjeld berre avgangar til sentrum. Reisande frå sentrum mot Loddefjord må bruke linje 3 frå Lars Hilles gate, perrong X. 

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Bussane køyrer vanleg trasé mellom Birkelandsskiftet og Gyldenpris. Køyrer Nygårdstunnelen til og frå Bergen busstasjon, og stoppar ikkje på Festplassen og Olav Kyrres gate i stengeperioden kl. 07.00-15.00.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Bussane køyrer vanleg trasé, men nokre avgangar er forlenga til Bergen busstasjon på formiddagen. Det gjeld berre avgangar til sentrum. 

Reisande frå sentrum mot Birkelandsskiftet kan bruke linje 1.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Bussane køyrer vanleg trasé til og frå Lagunen terminal. Enkelte avgangar køyrer heilt til og frå Bergen busstasjon. Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

På grunn av 17. mai-tog på Nesttun blir nærmaste haldeplass Totlandsbru. Haldeplassane Nesttun terminal og Heradshuset blir ikkje brukt på følgande avgangar:

Frå Nesttun terminal (avgangstider frå Totlandsbru):

  • Kl. 12.02
  • Kl. 13.02

Klikk her for kart.Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

På grunn av 17. mai-tog på Nesttun stoppar ikkje bussen ved Nesttun terminal brukt på følgande avgangar:

Frå Bergen busstasjon:

  • Kl. 11.00
  • Kl. 12.00

Frå Nesttun terminal (avgangstider frå Hopsbro):

  • Kl. 11.25
  • Kl. 12.25

Det er mogleg å ta Bybanen mellom Hop og Nesttun.

Klikk her for kart.Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Bussar til og frå Sotra og Øygarden køyrer vanleg trasé, men bussane køyrer ikkje via Festplassen i stengeperioden kl. 07.00–15.00. Då går bussane rett til busstasjonen.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

  • Avgang frå Straume terminal ca. kvart 10. minutt mellom kl. 08.30 og 11.00.
  • Avgang frå Bergen busstasjon ca. kvart 10. minutt mellom kl. 12.30 og 15.00.

Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Bussar til og frå Askøy køyrer vanleg trasé, men bussane køyrer ikkje via Festplassen i stengeperioden kl. 07.00–15.00. Då går bussane rett til busstasjonen.

Obs! Haldeplass Møhlenpris retning sentrum er stengd kl. 08.30-12.00.

  • Avgang frå Kleppestø terminal ca. kvart 10. minutt mellom kl. 08.30 og 11.00.
  • Avgang frå Bergen busstasjon ca. kvart 10 minutt mellom kl. 13.00 og 15.00.

    Skyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

På grunn av 17. mai-tog på Nesttun vil nokre avgangar mot Nesttun køyre til Elveneskrysset, og turar mot Os vil nokre avgangar frå Elveneskrysset. Haldeplassane Nesttun terminal og Skjoldskiftet blir ikkje brukte. Det gjeld følgande avgangar:

Frå Tøsdalsskiftet:

  • kl. 10.36, 11.31 og 12.26

Frå Elveneskrysset:

  • Kl. 11.45 og 12.30

Klikk her for kartSkyss Reise-app og reiseplanleggar er oppdatert med ekstraavgangane.

Askøybåten mellom Kleppestø og Strandkaiterminalen går kvardagsruter med ekstra turer på kvelden. 

Rutetabellen for 17. mai

 

Nordhordlandsbåten er innstilt på 17. mai. Sjå reiseplanleggar for avgangar på linje 300 frå Knarvik og 310 frå Frekhaug.

Parker bilen og reis kollektivt til Bergen sentrum

  • Lagunen Storsenter (gjeld parkeringsplassar utanfor bomanlegget. I P-hus og innanfor bomanlegg gjeld vanlege reglar)
  • Kleppestø senter
  • Oasen kjøpesenter (gjeld utandørsparkering)
  • Sletten Senter (gjeld utandørsparkering)
  • Oasen kjøpesenter (gjeld utandørsparkering)
  • Vestkanten Storsenter
  • Åsane Storsenter
  • Sartor senter (gjeld parkeringsplassar ved Obs-garasjen)

Du kan òg parkere gratis på 17. mai på alle våre parkeringsplassar for kollektivreisande.

Oversikt over parkeringsplassane

Lokale arrangement 

Diverse arrangement og 17.mai-tog kan føre til forseinkingar på lokale ruter i Vestland fylke. Sjekk reiseplanleggaren for detaljar om di linje.

Publisert:

Oppdatert: