Er du ein snyltus?
Det kan få konsekvensar for kollektivtilbodet ditt.
Kva er Snylteagurkeri?
Snylteagurkeri er åtferdsvanskar som påverkar betalingsevna før og under bruk av offentlege transportmiddel. Åtferda medfører redusert vilje til å betale for billett.
Snyltus-familien
Kjenner du deg igjen i nokon av desse?
Snyltus notorius

Snytlus gamblus

Snyltus sløvus

Kva skjer når du ikkje kjøper billett?
Når du ikkje betaler for reisa di, får vi mindre pengar til å lage eit godt kollektivtilbod. Vi får òg mindre pengar til å gjere kollektivtilbodet betre. Billettinntektene våre går rett til innkjøp av drivstoff, og til lønn til sjåførane våre og alle dei andre som jobbar med å sørge for at buss, båt og bybane fraktar deg dit du skal – til rett tid.
Korleis kan sniking påverke kollektivtilbodet ditt?
Får vi ikkje inn nok inntekter, må vi kutte i talet på avgangar.
Det er det vel ingen som vil?
Så ikkje ver ein Snyltus. Kjøp billett!
Periodebillett eller enkeltbillett?
Vi har mange typar billettar, anten du reiser ofte eller sjeldan. Sjå kva billettypar som passar, her.
Saumlaus reise med Skyss-appar
I appen Skyss Reise kan du planlegge reisa og sjå kor din nærmaste haldeplass er. Last ned appen her.
I appen Skyss Billett kjøper du billett raskt og enkelt.
Last ned her.
Publisert:
Oppdatert: