Mindre justeringar søndagar
Sunnhordlandsbåten Gjeld frå 10.08Det blir nokon mindre justeringar på to turar søndagar frå 10. august for Rute 2080 Sunnhordlandsbåten.
Det blir justert opptil fem minutt i rutetid på søndagar frå 10. august for anløp Leirvik, Rubbestadneset og Bekkjarvik. Endringane gjeld berre for tur 50 og 63 på søndagar. Ellers er rutetidene som tidlegare/uendra.
Tur 50 søndag:
- Anløp Leirvik frå 16.15 er endra til kl. 16.10.
- Anløp Rubbestadneset frå 16.40 er endra til kl. 16.35.
Tur 63 søndag:
- Anløp Bekkjarvik frå 19.35 er endra til kl. 19.32.
Reiseplanleggaren på web og appen Skyss er oppdatert med endringane.
Publisert:
Oppdatert: