Bybanen: Endringar i sommar
På grunn av vedlikehaldsarbeid vil det bli fleire endringar for Bybanen i sommar.
Under finn du ei oversikt over endringane for Bybanen i sommar. Klikk på dato for å sjå kva endringane er dei ulike vekene.
For information in English, click here.
30. juni-13. juli
Kaigaten er stengd. Dette fører til at Bybanen linje 1 og linje 2 ikkje kan bruke haldeplassane Byparken, Kaigaten og Nonneseter.
Bybanen køyrer til og frå Bergen busstasjon desse to vekene.
Rutetabell for linje 1 Bergen sentrum - Bergen lufthavn kan du finne her.
Rutetabell for linje 2 Bergen sentrum - Fyllingsdalen terminal kan du finne her.
14.-27. juli
Kaigaten og Lars Hilles gate er stengd. Under finn du ei oversikt over korleis linje 1 og 2 køyrer desse to vekene.
Linje 1 Bergen lufthavn - Bergen sentrum
Bybanen linje 1 kan ikkje stoppe på haldeplassane Byparken, Nonneseter, Nygård, Florida, Danmarks plass og Kronstad A og B.
Linje 1 køyrer slik:
Frå Bergen lufthavn: Normal trasé frå Bergen lufthavn til og med Brann stadion. Deretter køyrer banen til Kronstad E - Haukeland sjukehus - Fløen - Bergen busstasjon D.
Frå sentrum: Bergen busstasjon C - Fløen - Haukeland sjukehus - Kronstad F, og deretter normal trasé frå Brann stadion.
Her kan du sjå kart over linje 1 sin omkøyringstrasé, og rutetabell kan du finne her.
Linje 2 Fyllingsdalen terminal - Bergen sentrum
Linje 2 kan ikkje bruke haldeplassane Nonneseter og Kaigaten.
Bybanen linje 2 køyrer til og frå Bergen busstasjon desse vekene.
28. juli-3. august
Lars Hilles gate er stengd. Under finn du ei oversikt over korleis linje 1 køyrer denne veka. Linje 2 køyrer normal trasé med denne rutetabellen.
Linje 1 Bergen lufthavn - Bergen sentrum
Bybanen linje 1 kan ikkje stoppe på haldeplassane Bergen busstasjon A og B, Nygård, Florida, Danmarks plass og Kronstad A og B.
Linje 1 køyrer slik:
Frå Bergen lufthavn: Normal trasé frå Bergen lufthavn til og med Brann stadion. Deretter køyrer banen til Kronstad E - Haukeland sjukehus - Fløen - Bergen busstasjon D - Nonneseter - Byparken.
Frå sentrum: Byparken - Nonneseter - Bergen busstasjon C - Fløen - Haukeland sjukehus - Kronstad F - normal trasé frå Brann stadion.
Her kan du sjå kart over linje 1 sin omkøyringstrasé, og rutetabell kan du finne her.
Alternative busslinjer
Det blir ikkje sett inn buss for bane sidan vi i same periode har mange bussar som køyrer i områda kor Bybanen ikkje går.
Danmarks plass:
- Krohnsminde J mot sentrum: linje 5 Fyllingsdalen terminal og linje 6 Lyngbø.
- Krohnsminde K frå sentrum: linje 5 Sletten og linje 6 Birkelundstoppen.
- Danmarks plass D mot sentrum: linje 14, 51, 67, 83, 600, og alle endar på Bergen busstasjon.
- Danmarks plass E frå Bergen busstasjon: linje 14 Fyllingsdalen terminal, 51 Birkelandsskiftet terminal, 67 Søråshøgda, 83 Nesttun terminal, 600 Osøyro-Halhjem.
Florida:
- Florida mot sentrum: linje 11 Nordnes, linje 12 Lønborglien og linje 16E Øyjorden.
- Florida frå sentrum: linje 11 Starefossen, linje 12 Montana-Lægdene, linje 13 Solheimsviken og linje 16E Nesttun o/Helldalsåsen.
Nygård:
- Nygård mot sentrum: linje 11 Nordnes, linje 12 Lønborglien og linje 16E Øyjorden.
- Nygård frå sentrum: linje 11 Starefossen, linje 12 Montana-Lægdene, linje 13 Solheimsviken og linje 16E Nesttun o/Helldalsåsen.
Reiseplanleggar og rutetabell er oppdatert.
Dersom du vil lese meir om arbeidet i sommar, kan du finne informasjon på Bybanen AS sine nettsider.
Publisert:
Oppdatert: