Bruk barnebillett heilt til du fyller 18 år
Er du under 18 år og skal reise med buss, bybane eller båt i Vestland? Då kan du reise med barnebillett.

Barnebillett
Med Skyss sin barnebillett kan barn frå 6 til og med 17 år reise til om lag halv pris på buss, bybane og båt. Barn under 6 år reiser gratis.
Andre godbitar for barn
- Med familierabatt kan du som er over 18 år ta med deg opptil fire barn gratis. Rabatten gjeld kvar dag heile året på Skyss sine bussar, bybanen og nokre båtruter.
- Makspris på båt: Når barn reiser saman med ein vaksen, kostar barnebilletten maks 196 kroner uansett kor lang reisa er.
Ungdomsbillett
For deg mellom 16 til og med 20 år anbefaler vi 30-dagars ungdomsbillett. Då kan du reise så mykje du vil med buss, bybane, tog, ferje og båt heile Vestland.
Les meir om barn på buss og bybane og om barn på båt.