Hopp til hovedinnald

Fordi det er færre reisande om sommaren, blir rutetilbodet for buss, bybane og båt kvar sommar tilpassa ved at vi køyrer sommarruter i heile fylket. I tillegg til at alle skuleruter er innstilte, er også fleire andre avgangar innstilte i skuleferien.

I Bergen er kollektivtilbodet denne sommaren ytterlegare redusert. Endringane gjeld i perioden frå og med 26. juni til og med 13. august.

Bruk reiseplanleggar på nett eller appen Skyss Reise for å planlegge reisa di.

Her finn du rutetabellar for buss.

Færre avgangar med Bybanen

Bybanen har i sommar færre avgangar enn det som er vanleg når vi køyrer sommarruter. Både linje 1 og linje 2 køyrer kvart tiande minutt i vekedagane, og kvart kvarter i helgene.

Sjølv om både linje 1 og linje 2 har hyppige avgangar, vil det kunne oppstå trengsel om bord i periodar med mykje trafikk. Vi oppfordrar reisande til å rekne god tid.

Her finn du rutetabellar for Bybanen.

Fleire reisealternativ til og frå Bergen sentrum

I reiseplanleggaren på nett og i appen Skyss Reise kan du finne alternativ til bybanen. Dette gjer du ved å gå til menyvalet “Fleire val” og hake vekk bybanen som transportmiddel. Frå fleire haldeplassar kan buss vere eit alternativ. Du kan for eksempel ta buss med linje 50E og 51 mellom Birkelandsskiftet og Bergen sentrum, og buss linje 67 og 600 mellom Lagunen og Bergen busstasjon.

På strekninga mellom Kronstad og Bergen busstasjon kan reisande med banen bruke både linje 1 og linje 2. Bybanen vil på denne strekninga ha avgang ca. kvart femte minutt. Linje 2 har gjerne færre reisande, og er også eit raskare alternativ.

I andre situasjonar kan det å kombinere buss og bybane med gange, sykkel eller elsparkesykkel vere eit godt alternativ.

Innstilte ekspressbusslinjer

Linje 3E Støbotn – Vadmyra ekspress og linje 4E Flaktveit – Bergen busstasjon ekspress køyrer ikkje i perioden frå og med 26. juni til og med 13. august.

Bestillingsturar på Osterøy

Frå og med oppstart av sommarruter 26. juni, vil fleire avgangar på busslinjene på Osterøy vere bestillingsturar. Du må bestille på førehand for at avgangen skal gå. Meir informasjon finn du her.

Kvifor gjer vi dette?

Det er utfordringane med mangel på sjåførar og bybaneførarar som gjer at kollektivtilbodet i Bergen blir ekstra redusert i sommar. Vi har valt å gjere desse justeringane i tilbodet, for å gi eit føreseieleg tilbod til flest mogleg.

Ved uføresette hendingar kan det komme endringar i tilbodet. Dette er noko vi vil informere om så tidleg som mogleg i reiseplanleggaren, og på skyss.no/avvik.

Publisert:

Oppdatert: