Hopp til hovedinnald

1. Generelle reglar

Reglementet gjeld for Skyss sine båtruter i Hordaland; Sunnhordland-Austevoll-Bergen og lokalbåt Austevoll.

NB: Båtruta Kleppestø–Bergen (Askøybåten) og Knarvik-Frekhaug-Strandkaiterminalen (Nordhordlandsbåten) går inn under pris- og rabattreglementet for buss/bybane.

Båtrutene i fylket er delt opp i pristrinn. Ved prisfastsetting skal prisen bereknast på bakgrunn av ombordstiging og avstiging. Prisar går fram av dei til ein kvar tid gjeldande pristabellane. Alle prisar vert runda av til næraste krone (enkeltbillettar) og næraste 5-kroner (periodebillettar).

1.1 Reisebevis

Ombordstiging er tillate så lenge ein går om bord på transportmiddel i rute, innan utløpstida på billetten. Under reisa må kunden alltid kunne vise fram gyldig reisebevis. Reisebevis er gyldig billett for tidsperiode og strekning, og eventuelt gyldig dokumentasjon ved krav på rabatt (legitimasjon, studentbevis/honnørbevis o.l.).  Alle rabattordningar gjeld uavhengig av bustadland og nasjonalitet.

Billetten kan ein ha i forskjellige format, ut frå kor ein har kjøpt billetten:

  • Skyss Billett-app: Billetten finn ein i appen.
  • Nettbutikk på skyss.no: Ein kan velje mellom bruk av Skysskortet, sende billetten til utskrift, e-post ellerSMS.
  • Billettautomat: Bankkortet du betaler med fungerer som billett. Du kan også sende billetten som SMS.
  • Om bord: Ein får ein papirbillett. Dersom du betaler med bankkort, vil også bankkortet du betaler med fungere som billett.
  • Kundesenter: Ein får ein papirbillett ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillett. Ved kjøp av periodebillettar treng ein eit Skysskortet.

2. Kjøp av billett

2.1 Appen Skyss Billett

«Skyss Billett» er ein mobilapplikasjon for iOS, Android og Huawei telefonar for kjøp av alle typar enkeltbillettar og periodebillettar for heile Hordaland, med unnatak for reiser med kombinasjon av buss/båt. Ein treng ikkje registrere billettar kjøpt i appen om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll.

Betalingsmåtar: Bankkort, Vipps, mobilkonto

2.1.1. Mobilkonto – reisekonto på mobil

Mobilkonto er eit betalingsmiddel i Skyss Billett-appen. Innskot på mobilkontoen må vere minst kr. 200, og maksimal saldo er kr. 5000. For å kunne betale med mobilkontoen, må saldoen vere minimum tilsvarande kjøpesum. Ein kan fylle på saldo for mobilkonto på følgjande måtar:

  • VISA eller Mastercard og Vipps.
  • Overføring frå nettbank. Send SMS MED «KID» til 2412 for meir informasjon.

2.2. Nettbutikk

I nettbutikken på skyss.no kan ein kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar for heile Hordaland. Ved kjøp av periodebillettar treng ein eit Skysskort. Ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan ein velje mellom bruk av Skysskortet, skrive ut billetten eller sende den på sms eller på e-post. Ein treng ikkje registrere billettar kjøpt i nettbutikken om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll.

Betalingsmåtar: Bankkort, vipps

2.2.1 Skysskortet

Skysskortet er eit reisekort for kollektivtrafikken i Vestland og vert nytta til kjøp av billettar i nettbutikken på skyss.no. Ein treng ikkje registrere Skysskortet om bord i Hordaland, men det må visast fram ved kontroll, saman med dokumentasjon ved krav på rabatt.

2.3 Om bord

Om bord på båt kan ein kjøpe alle typar enkeltbillettar og tur-retur-billettar. Du får ein papirbillett som kvittering. Dersom du betaler med bankkort, vil også bankkortet du betaler med fungere som billett. Du treng ikkje registrere billettar kjøpt på om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll.  
 
Betalingsmåtar: Bankkort, kontant 

2.4 Kundesenter

På Skyss kundesenter på Bergen busstasjon kan ein kjøpe alle typar billettar for Hordaland. Billettar kjøpt på kundesenteret treng ein ikkje registrere om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll.

Betalingsmåtar: Bankkort, kontant

3. Billettypar

3.1 Enkeltbillett

Gyldig overgangstid skal gå fram av billetten og vil variere ut frå reisestrekning.

3.1.1 Enkeltbillett båt – ei enkeltreise

Ein enkeltbillett båt gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt båtstrekning. Enkeltbillett er tilgjengeleg for vaksen, barn, honnør, student og militær.  

3.1.2 Tur/returbillett båt

På lengre strekningar får vaksne reisande om lag 50 prosent rabatt på returreisa ved kjøp av tur/returbillett båt. Desse strekningane går fram av den til ei kvar tid gjeldande pristabellen. Retur må finne stad innan 15 dagar. Det vert ikkje gitt refusjon for unytta returbillett.

Tur/returbilletten kan ikkje kombinerast med andre rabattar. Andre kundegrupper kan òg nytta tur/returbillett, men det vert ikkje gjeve ytterlegare rabatt.

3.2 Periodebillett

Alle periodebillettar er upersonlege og kan nyttast av fleire, men dei kan berre nyttast av ein person om gongen. Personen som nyttar billetten må kunne framvise billett og tilfredsstille krav til alder og rabattar.

Ved reiser utover den strekninga ein har gyldig periodebillett for, må ein kjøpe enkeltbillett. Ein betalar for den strekninga ein ikkje allereie har billett for.

3.2.1 7-, 30- og 180-dagarsbillett båt

7-, 30- og 180- dagarsbillett båt gjeld for eit uavgrensa tal reiser på ei bestemt strekning med båt. Periodebillettar er tilgjengeleg for vaksen, barn, student, honnør.

Maksimum pris for 7-, 30- og 180- dagarsbillett går fram av den til ei kvar tid gjeldande pristabellen.

3.2.2 Ungdomsbillett - 16 til og med 20 år

30-dagars ungdomsbillett kan nyttast frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 21 år. Elevar i vidaregåande skole som ikkje er fylt 16 år kan òg kjøpe billetten, men må dokumentere gjennom inntaksbeviset at dei er elevar i den vidaregåande skolen.

30-dagars ungdomsbillett gjeld på alle Skyss sine bussruter i heile Vestland og Bybanen i Bergen. Billetten gjeld i tillegg på følgjande transportmiddel:

Andre bussruter:

  • Kolumbus sine bussruter (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
  • “Trygt heim”-ruter
  • Flybuss i Førde og Sogndal
  • NB: Gjeld ikkje på Flybussen i Bergen


 Båt:

  • Alle båtruter i Vestland med følgjande unntak:
    • Båtrute Osterfjorden
    • Geitanger- Knappskog
    • Turistrute Hardanger (Norheimsund - Herand - Utne - Kinsarvik - Lofthus - Ulvik - Eidfjord)
  • Norled sine ekspressbåtruter mellom Sogn og Bergen, og Nordfjord og Bergen. Ein kan reservere plass om bord ved reise med ungdomsbillett. Sjå norled.no.

Ferje: 

Alle ferjesamband i Vestland. Dei fleste ferjesamband i Vestland brukar AutoPASS-regulativet, der passasjerar reiser gratis. Der det ikkje er gratis, kan du bruke ungdomsbilletten.

Ekspressbuss:

Ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke, med unntak av ekspressbussruter rundt Bergen på strekningane:

  • Mellom Bergen busstasjon og Knarvik
  • Mellom Bergen busstasjon og Halhjem
  • Mellom Bergen busstasjon og Trengereid

For at du skal vere garantert plass på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i kanalane til Vy eller NOR-WAY.

Tog:

  • Avgangar mellom Bergen og Myrdal (Vossebanen/Arnalokalen). 
  • NB: Ungdomsbilletten kan ikkje brukast på regiontog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo) eller Flåmsbana.  

Ungdomsbilletten gjeld ikkje på andre private buss- og båtruter i Vestland.

Hugs kvittering:

Du må vise kvittering og legitimasjon når du skal reise med ekspressbuss, tog, ekspressbåt.

4. Kategoriar

Reisande betalar ulik pris, basert på kva kategori ein høyrer til.

4.1 Vaksen

Vaksen er personar frå fylte 16 år og opp til fylte 67 år, og betalar fullpris for alle billettypar for båt.

4.2 Barn

Barn er personar frå 4 år og opp til fylte 16 år og betalar om lag halv pris (ift. fullpris) på enkeltbillettar og periodebillettar.

Barn inntil fylte 4 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan det krevjast gyldig legitimasjon.

4.3 Honnør 

Honnørrabatt gjeld for

  • personar over 67 år
  • personar med honnørkort frå NAV. Dette gjeld personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, samt personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land og uføre flyktningar med supplerande stønad.
  • blinde eller døvblinde med tilleggslegitimasjonskort
  • uføre flyktningar med supplerande stønad
  • ektefelle eller partnar (registrert i henhold til Ekteskapslova) som reiser i følge med person med honnørbillett.

Honnørreisande betaler ca. halv pris på enkeltbillettar og periodebillettar.

Alle som reiser med billettar med rabattert pris, må ved billettkontroll kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris.

For reisande over 67 år, vil legitimasjon med bilde som viser alderen din, bli rekna som gyldig bevis på at ein har krav på honnørrabatt.

Honnørrabatt til reisande under 67 år vert gitt mot framvisning av tilleggslegitimasjonskort og legitimasjon med bilde:

  • Personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land, må vise fram blått honnørkort frå NAV pluss legitimasjon med bilde.
  • Uføre flyktningar med supplerande stønad må vise fram blått honnørkort frå NAV pluss legitimasjon med bilde.
  • Blinde utan uførepensjon må vise fram tilleggslegitimasjonskort frå Noregs Blindeforbund pluss legitimasjon med bilde.
  • Døvblinde med rett til gratis reise for éin følgeperson må vise fram tilleggslegitimasjonskort (grønt honnørkort) som er sendt ut av Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde, pluss legitimasjon med bilde.

Det er NAV som sender ut honnørkort til personar som har rett på det. Blinde utan uførepensjon og døvblinde får eigne tilleggslegitimasjonskort frå Noregs Blindeforbund og Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.

4.4 Student

Student gjeld opp til fylte 30 år og har om lag 40 prosent lågare pris (ift. fullpris) på enkeltbillettar og periodebillettar for 7, 30 og 180 dagar. Det er ikkje særskild rabatt for student på tur/returbillettar.

Student er:

  • Studentar/elevar som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule eller universitet og andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studiet må vare i minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studiebelastninga tilsvara eit årskurs.
  • Lærlingar og lærekandidatar på fulltid, og som følgjer krava i lov om opplæring, kapittel 4.
  • Vaksne framandspråklege som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, eller flyktningar i introduksjonsprogrammet.

På førespurnad frå sjåfør eller billettkontrollør må ein som student kunne vise bevis på at ein studerer/går i lære det aktuelle semesteret. Personar som ved billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at ein har krav på studentrabatt, må betale gjeldande gebyr. Gyldig bevis må vise namn, fødselsdato og studiestad, og at det gjeld dette semesteret:

  • Studiekort/studentbevis på mobil som stadfestar at du er student dette semesteret.
  • Dokumentasjon frå skole som stadfestar skolegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med foto.
  • Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort (ANSA-kort blir ikkje godteke).
  • Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå skulen.

Studiebevis for vårsemesteret gjeld til og med august, og for haustsemesteret ut januar. Dersom ein avsluttar studiet, er siste dato for kjøp av periodebillett 31. juli og 31. desember.

For lærlingar/lærekandidatar er gyldig dokumentasjon anten:

  • Personleg ID-kort frå bedrifta, merka ”Lærling” eller ”Lærekandidat”.
  • Kopi av lærekontrakt (digitalt eller fysisk)
  • Stadfesting frå bedrift om at du er lærling/lærekandidat og periode for lærekontrakt, påført namn og fødselsdato

4.5 Militær

Militær er vernepliktig mannskap (førstegongsteneste) og betalar om lag halv pris (ift. fullpris) på enkeltbillettar.

Militær gjeld for den tenesteperioden som er påført Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID). FD-ID tener som bevis. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som bevis.

Militær gjeld berre norske statsborgarar som er knytt til det norske forsvaret.

4.6 Følgeperson (ledsager)

Følgjeperson til person med nedsett funksjonsevne som har følgjekort og gyldig billett, reiser gratis på Skyss sine transportmiddel. Følgjepersonen treng ikkje eigen billett.

5. Rabattar

Dersom fleire reiser saman eller ein kombinerer reiser med buss, kan ein oppnå ulike rabattar.

5.1 Familie

På lengre strekningar er det sett ein maksimal pris for barn som reiser saman med betalande vaksen på enkeltreiser. Maksimal pris per barn går fram av den til ei kvar tid gjeldande pristabellen og gjeld for inntil fire barn per vaksen.

5.2 Gruppe

Det blir gitt 25 prosent rabatt for vaksen når minst 10 personar reiser saman på enkeltbillett. Barn, honnør, student og militær får ikkje særskild rabatt, men tel med i talet på reisande. Barn under 4 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande.

Grupperabatt kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar.

5.3 Kombinasjonsreiser

Ved kjøp av periodebillettar for kombinasjonsreiser med buss/båt kan du oppnå rabatt. Rabatten varierer ut frå kor du reiser. 

6. Reisegods o.l.

6.1 Handbagasje

Handbagasje vert teke med gratis. 

6.2 Barnevogner, rullestolar og ski

Barnevogner, rullestolar og ski vert teke med gratis så langt plassen tillèt det.

6.3 Dyr

Dyr reiser gratis.

6.4 Sykkel

Sykkel/el-sykkel og sparkesykkel/el-sparkesykkel vert teke med gratis så langt plassen tillèt det.

7. Refusjon

Enkeltbillettar og tur/returbillettar vert ikkje refundert. 7-, 30- og 180-dagarsbillettar båt og ungdomsbillett kan refunderast. Kontakt Skyss kundesenter for avrekning og overføring av eventuell restverdi til bankkonto.

8. Skoleskyssbillett

Skoleskyssbilletten kan berre brukast av eleven den gjeld og som er innvilga gratis skoleskyss. Med skoleskyssbilletten kan du reise to gonger kvar skoledag, ein gong frå heimen til skolen, og ein gong frå skolen til heimen. Skoleskyssbilletten dekker ikkje reiser til andre stader, då må du løyse eigen billett.

Elevar kan velje å ha skoleskyssbilletten i appen Skyss Billett eller på Skyss skolekort.

Skoleskyssbilletten for grunnskolen gjeld frå klokka 05:00 til klokka 19:00, medan skoleskyssbilletten for vidaregåande skole gjeld frå klokka 05:00 til klokka 22:00. Skoleskyssbilletten gjeld for perioden eleven er innvilga gratis skoleskyss, og er berre gyldig på skoledagar. Den kan ikkje brukast på laurdagar, søndagar eller i skoleferiar.

Har du mista eller gløymt skoleskyssbilletten, må du kjøpe og betale billett sjølv. Skolen handterer fysiske skolekort, så du må kontakte skolen din for å få nytt kort. Reglane som gjeld for skoleskyss står i skoleskyssreglementet. Meir informasjon om skoleskyssbillett på mobil finn du her.