Hopp til hovedinnald

Kom i gang med ny app

Du kan planlegge reiser, sjå sanntidsavgangar, lagre favorittreiser, få informasjon om forseinkingar og endringar, kjøpe billettar, sende billettar til andre, med meir.

Alle som reiser med kollektivtransport i Vestland.

Alle smarttelefonar og nettbrett med iOS eller Android. Du må ha iOS 16.4 eller Android 6.0.  

Ja, appen er gratis å laste ned for både iOS og Android. Du betalar berre billettpris når du kjøper billettar til buss, bybane, båt eller ferje. 

Den nye appen Skyss blir gradvis tilgjengeleg frå 9. mars 2026. Oppdateringa skjer gradvis, så alle får den ikkje samtidig.

  • Har du iPhone og appen Skyss Reise med automatisk oppdatering, blir han automatisk oppdatert til den nye Skyss-appen i perioden frå 9. mars og om lag to veker fram i tid. Etter 9. mars kan du også oppdatere appen sjølv i App Store.
    • Har du ikkje appen Skyss Reise frå før, kan du laste ned den nye Skyss-appen frå App Store frå 9. mars.
  • Har du Android-telefon og appen Skyss Reise og automatisk oppdatering, blir han automatisk oppdatert til den nye Skyss-appen i perioden frå 9. mars og om lag to veker fram i tid. Etter to veker, kan du oppdatere appen sjølv i Google Play.
    • Har du ikkje appen Skyss Reise frå før, kan du laste ned den nye Skyss-appen frå App Store frå 23. mars.
  • Appane Skyss Billett og Skyss Bestilling vil vere som før inntil vidare.

 

 

Den nye Skyss-appen finn du i App Store og Google Play. Søk på «Skyss». Har du Skyss Reise-appen, vil denne bli automatisk oppdatert til den nye appen.

Vi anbefaler at du opprettar ein profil allereie første gong du opnar appen. Deretter kan du søke etter reiser og kjøpe billettar.

Når du har ein profil, får du

  • oversikt over alle billettane du har kjøpt i den nye Skyss-appen
  • moglegheit til å legge inn favorittar, som er reiser eller haldeplassar du bruker ofte
  • moglegheit til å lagre reiser du skal ta fram i tid

Du må vere 15 år for å opprette profil.

Kva er nytt – og kva forsvinn?

Du vil sjå at Skyss-appen fungerer på ein litt annan måte enn appane Skyss Reise og Skyss Billett. I tillegg er det fleire nye ting du kan gjere i appen.

Du kan

  • kjøpe billettar og sende dei til andre som har appen
  • kjøpe billettar som startar på eit bestemt tidspunkt fram i tid
  • endre tidspunktet for billettar du har kjøpt fram i tid
  • kjøpe billett til akkurat den reisa du har søkt på
  • lagre konkrete reiser som du skal ta fram i tid
  • abonnere på 30-dagars periodebillett og 30-dagars ungdomsbillett
  • sjå bussen i sanntid på kartet
  • velje mellom lys og mørk bakgrunn
  • sjå el-sparkesyklar på kartet
  • filtrere på fleire måtar når du søker etter reiser
  • bestille reiser med Skyss bestilling 
  • under "Billett" finne hurtigkjøp, som viser dei siste billettane du har kjøpt. Det gjer det mogleg å raskt kjøpe same billett på nytt.
  • lagre favoritthaldeplassar og linjene du vil vise avgangstider for. Denne funksjonen er litt annleis enn favorittfunksjonen i Skyss Reise.

Desse funksjonane kjem seinare: 

  • Skoleskyssbillettar er ikkje i den nye appen enno. Skoleelevar har framleis billettane sine i appen Skyss Billett, men kan bruke Skyss-appen til reiseplanlegging.
  • Kjøpsløysing for bedrifter og organisasjonar. Du som har bedriftsavtale kan ikkje kjøpe billettar i den nye Skyss-appen som bedrifta di betalar for.

Mobilkonto forsvinn. Har du mobilkonto i appen Skyss Billett, bruk opp denne der, for du kan ikkje ta med deg pengane til den nye Skyss-appen.

Når du kjøper billett i den nye appen Skyss, begynner billetten å gjelde med ein gong. Du kan også bestemme at billetten skal starte på eit bestemt tidspunkt fram i tid. Du kan når som helst gå inn på billetten og «starte den no», for eksempel om du vel å ta ein tidlegare buss enn planlagd. Hugs at billetten din må vere aktiv når du går om bord.

Overgang frå Skyss Billett, Skyss Reise og Skyss Bestilling

Du kan bruke billettar du har i appen Skyss Billett, så lenge dei er gyldige. Når du skal kjøpe ny billett, kan du byte til den nye Skyss-appen.

Nei, det er ikkje mogleg å flytte billettar frå Skyss Billett til den nye Skyss-appen. Du kan bruke billettar du har i Skyss Billett, så lenge dei er gyldige. Når du skal kjøpe ny billett, kan du byte til den nye Skyss-appen.

Nei, det er ikkje mogleg å pause periodebillettar. Du kan bruke periodebilletten til han går ut på dato.

Dersom du har pengar igjen på mobilkontoen, bør du bruke dei opp så langt det er mogleg i Skyss Billett-appen. Viss det ikkje let seg gjere, kan du be om refusjon. Det gjer du på skyss.no/refusjon.

 

Når du tar i bruk den nye appen Skyss, startar oppteninga av reiserabatt på nytt. Det er dessverre ikkje mogleg å flytte rabatten frå Skyss Billett til den nye appen Skyss, fordi systema våre ikkje kan overføre denne typen data på ein trygg og korrekt måte. Har du mykje reiserabatt, kan det difor vere lurt å bytte til ny app etter ein periode der du har reist mindre og har lågare rabatt. 

Når du tar i bruk den nye appen Skyss, må du legge inn bilnummeret ditt på nytt. Ordninga med gratis parkering for deg med periodebillett er som før, det er berre registreringa av bilnummeret du må gjere  på nytt. Det gjer du under Profil → Innfartsparkering → Legg til køyretøy.

Ja, for det er i profilen du registrerer bilnummeret ditt.

Skyss Reise blir erstatta av den nye Skyss-appen. Det vil skje gradvis dei første to vekene etter lanseringa. Når du startar Skyss Reise-appen etter dette, vil han bli automatisk oppdatert og endra til Skyss-appen. Skyss Billett og Skyss Bestilling vil fungere som før ei god stund til.

Du treng ikkje å slette Skyss Reise, ettersom denne appen blir automatisk oppdatert og endra til den nye Skyss-appen. Skyss Billett må du slette sjølv, når eventuelle periodebillettar har gått ut på dato og du har brukt opp eller fått refundert pengane på mobilkontoen. Skyss Bestilling må du  også slette sjølv.

Du kan bruke Skyss Billett ei god stund til. Etter kvart vil nokre billettypar ikkje lenger vere tilgjengelege i den gamle appen, men alle billettar du kjøper i Skyss Billett, kan du bruke så lenge dei er gyldige. Skyss Reise vil bli automatisk oppdatert og endra til den nye Skyss-appen. I løpet av 2026 vil også appen Skyss Bestilling forsvinne, for med den nye Skyss-appen kan du også bestille reiser med Skyss Bestilling.

Dersom du har oppretta ein brukarprofil i den nye Skyss-appen, kan du enkelt byte telefon og logge inn. Då kan du flytte aktive billettar, favorittar og andre data du har lagra på profilen din.
Dersom du får nytt telefonnummer, må du opprette ein ny profil.
Om du ikkje har ein profil, kan du flytte billettar frå den gamle til den nye telefonen ved hjelp av billett-ID. Då må du kontakte kundeservice.

Brukarprofilen din er knytt til telefonnummeret ditt. Du kan logge inn frå andre einingar, men må godkjenne med ein eingongskode på telefonen som er knytt til brukarprofilen. Du kan flytte aktive periodebillettar inntil to gonger.

Ja, ved å trykke og halde på app-ikonet på skjemen din, får du fram kva for val du har.   

Ja, det kan du gjere via app-ikonet. Trykk og hald på app-ikonet, og du får fram vala du har. Då kan du sjå nokre av funksjonane i Skyss-appen rett på skjermen og kan du bruke dei utan å opne appen.

Med den nye appen Skyss kan du bestille buss i dei områda som har bestillingsbuss. Bestillingsbussar har linjenummer BE og merkanden "Må bestillast" og du klikker videre for å bestille. Du treng ikkje lenger gjere det i appen Skyss Bestilling eller på nettsida. Appen Skyss Bestilling vil likevel vere tilgjengeleg ei stund framover, så du kan bruke både den nye appen og Skyss Bestilling. Hugs at du må kjøpe billett i tillegg til sjølve bestillinga av turen. Du må vere 15 år for å bestille tur i appen. 

Les meir om Skyss Bestilling

Reisesøk, sanntid og soner

Reiseplanleggaren i appen Skyss finn du under fana «Reise».  

Du kan søke opp ei reise på fleire måtar. Du kan skrive namn på haldeplass eller stad i «Frå»- og «Til»-felta og få opp forslag til reisemåtar. Eller du kan klikke på «Sjå avgangar» og legge inn haldeplassen du ønsker, eller klikke på ein aktuell haldeplass på kartet.

  Ja, du kan velje buss, bybane, tog, båt, sykkel og flybuss.  

  Ja, han viser gangtid basert på posisjonen din. Du kan stille inn tempoet ditt under Profil. 

Ja, kartet viser nærmaste haldeplass og gangtid dersom du har aktivert stadtenester.

 

Ja, om du slår på visninga i kartet.

Ja, då er ruta merkt med Skyss Bestilling, og du kan no bestille reisa direkte i Skyss-appen. Du treng ikkje lenger appen Skyss Bestilling.

Ja, du kan følge bussen i sanntid på kartet. Du får sanntidsinformasjon om bussar i heile gamle Hordaland og i Nordfjord.

Sanntidsinformasjon om båtar og ferjer er også tilgjengeleg.

Fleire område kjem etter kvart.

Dei farga rundingane viser kor godt bussen held rutetida. Er fargen grøn, er bussen 1–3 minutt etter rutetida. Er fargen gul, er bussen meir enn 3 minutt etter rutetida. Dersom det oppstår større forseinkingar eller hendingar i trafikken, vil vi informere om det. Les meir om korleis vi informerer om hendingar og endringar i trafikken.

I den nye Skyss-appen treng du ikkje å oppdatere sanntidsprognosen sjølv. Det skjer automatisk nesten kontinuerleg. Av og til kan det vere tekniske utfordringar med å sende data, og då kan det ta lengre tid.

Merk at det er ikkje alle stadar i Vestland som har sanntid enno, men det kjem på plass i løpet av 2026.

Korrespondansar ser du i reisesøket. Du ser eit smilefjes mellom turane og ordet "Korrespondanse". Sjølve visninga er litt annleis enn den du er van med frå den gamle appen, men bussane skal framleis vente på kvarandre.

Ja, du kan også søke opp reiser med tog i den nye Skyss-appen. Du kan kjøpe utvalde billettar til tog på nokre strekningar.

Les meir om togbillettar.

Ja, du kan lagre spesifikke reiser, og du kan legge til haldeplassar eller linjer som favorittar.

Korleis lagrar eg ei reise?

For å kunne lagre ei reise må du først opprette ein profil. Deretter kan du søke opp den aktuelle reisa, velje avgang, bla heilt ned og klikke på «Lagre reise». Seinare kan du finne igjen reisa under fana «Reise» eller fana «Profil». Ei lagra reise forsvinn innan ein time etter at tidspunktet for reisa er passert.

Kva er forskjellen på ei lagra reise og ein favoritt?

Ei lagra reise er ein spesifikk tur. Ho forsvinn innan ein time etter at tidspunktet for reisa er passert. Ein favoritt kan vere ein haldeplass eller ei linje der du har haka av på stjernesymbolet. Både lagra reiser og favorittar blir viste under fana «Reise». Du finn dei også under fana «Profil».

Kvifor forsvinn ei lagra reise etter at eg har reist?

Ei lagra reise er knytt til et spesifikt tidspunkt og vil derfor forsvinne innan ein time etter at dette tidspunktet er passert. Du kan lagre haldeplassar og linjer som favorittar. Då vil du sjå neste avgang for desse under reiseplanleggaren.

Kor mange lagra reiser kan eg ha?

Du kan ha to lagra reiser om gongen.

Ei lagra reise er ein spesifikk tur på ein bestemt dato og klokkeslett. Ho forsvinn innan ein time etter at tidspunktet for reisa er passert. Ein favoritt kan vere ein haldeplass eller ei linje der du har haka av på stjernesymbolet. Då ser du alle avgangar får den haldeplassen. Både lagra reiser og favorittar blir viste under fana «Reise». Du finn dei også under fana «Profil».

Du finn oversikt over sonene på kartet. Her kan du zoome deg ut og sjå kva sone du skal reise i. I tillegg kan du søke opp haldeplass eller stad under fana «Billettar». Der vil du sjå sona du er i eller skal til.

Du må vere kopla til internett (trådlaust eller via mobildata) for å kunne søke etter reiser og vise fram billetten din. Appen fungerer ikkje utan internett.

Du får ikkje push-varsel, men alle reelle forseinkingar, endringar og avlyste avgangar blir viste i reisesøk dersom det er endringar på di reise.

Med den nye appen Skyss kan du bestille buss i dei områda som har bestillingsbuss. Bestillingsbussar har linjenummer BE og merkanden "Må bestillast" og du klikker videre for å bestille. Du treng ikkje lenger gjere det i appen Skyss Bestilling eller på nettsida. Appen Skyss Bestilling vil likevel vere tilgjengeleg ei stund framover, så du kan bruke både den nye appen og Skyss Bestilling. Hugs at du må kjøpe billett i tillegg til sjølve bestillinga av turen. Du må vere 15 år for å bestille tur i appen. 

Les meir om Skyss Bestilling

Billettar – kjøp, bruk og deling

Du kan kjøpe billett på fleire måtar:

  • Du kan klikke på fana «Billett» og velje «Kjøp billett». Her vel du type billett, billettkategori og kor du skal reise frå og til.
  • Du kan klikke på fana «Billett» og velje ein billett under «Hurtigkjøp». Dette er ein billettype du har kjøpt før.
  • Du kan kjøpe billett via reisesøk. Klikk på fana «Reise» og vel kor du skal reise frå og til. Når du har valt reise, kjem det opp kva billett du treng, øvst. Klikk på «Kjøp billett».

Du kan kjøpe alle billettane våre i appen – enkeltbillett, 24-timarsbillett, 7-dagarsbillett, 30-dagarsbillett og 180-dagarsbillett, billettar for ulike kategoriar og transportmiddel, i tillegg til 30-dagars ungdomsbillett. Du kan også kjøpe tur-retur-billett til båt.

Klikk deg inn på billetten under fana «Billettar» og klikk deretter på «Kontroll».

Billetten startar automatisk på det tidspunktet du kjøper han i appen, med mindre du vel eit seinare tidspunkt.

Ja, du kan kjøpe billettar inntil 3 veker fram i tid.

Ja, du kan flytte aktive periodebillettar inntil to gonger. Logg inn i appen på den nye mobilen og følg instruksane der. Det er ikkje mogleg å flytte enkeltbillettar.

Ja, du kan abonnere på 30-dagarsbillett og 30-dagars ungdomsbillett. I billettdetaljane finn du valet «Start abonnement».  

Ja, under Profil → Innstillingar → Varslingar kan du velje kva for varslingar du vil ha.

Ja, du kan flytte billetten inntil 21 dagar fram i tid. Dersom du ikkje skal bruke billetten då heller, kan du flytte han ein siste gong.

Ja, du kan framleis kjøpe billett om bord – på same måte som før.

På buss kan du kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett om bord, medan du på båt kan kjøpe enkeltbillett og tur-retur-billett om bord. 

Kan eg kjøpe billett utan å ha tilgang til internett (offline)?

Dei siste billettane du har kjøpt, eller dei billettane du kjøper ofte, vil legge seg under «Hurtigkjøp» under fana «Billettar». Klikk på «Kjøp» og kom rett til betaling. Her kan du endre starttidspunkt dersom du ønsker det.

Ikkje enno, men dette kjem på plass til skolestart i august 2026.

Du kan ikkje dele billetten din, men du kan kjøpe billett til andre. Under fana «Billettar» vel du «Kjøp billett» og deretter «Billett til andre». Klikk på «Del billett» og send billetten via SMS, e-post eller sosiale medium. Mottakaren mottar en kode og må sjølv ha appen Skyss for å hente inn billetten. Billetten må hentast innan 20 dagar, viss ikkje får du refundert summen.

Dersom nokon har kjøpt ein billett til deg, får du ei lenke med ein billettkode. Klikk på lenka, så opnar Skyss-appen seg, og du kan legge inn billettkoden under fana «Profil» og «Hent billett». Deretter kan du velje starttidspunktet for billetten.

Nei, mottakaren må berre ha appen. Hen hentar billetten ved å velje «Hent billett» under fana "Profil".

Under fana «Billettar» vel du «Kjøp billett» og deretter «Billett til andre».

Dersom nokon har kjøpt billett til deg, får du ein billettkode. Klikk på fana «Profil» og vel «Hent billett». Legg inn billettkoden. Deretter kan du velje starttidspunktet for billetten.

Billetten er tilgjengeleg for deg i opptil 20 dagar etter den er delt med deg.

Dersom du har kjøpt ein billett som skal starte fram i tid, kan du endre starttidspunktet eller kansellere billetten før han er aktivert. Klikk på fana «Billettar» og klikk deg inn på billetten. Vel «Endre startstidspunkt» eller «Kanseller billetten».

Billettar som har starta, kan du ikkje kansellere. 

Betaling og rabattar

Nei, alle billettypar, prisar og rabattar er som før. Hugs berre at reiserabatten startar på nytt i den nye appen.

180-dagars periodebillett kan du kjøpe i den nye Skyss-appen. Mogelegheita for å kjøpe 180-dagarsbillett blir fjerna om ikkje så lenge frå den gamle appen Skyss Billett. 

Du kan betale med Visa, Mastercard, Vipps og Apple Pay (iOS). Hugs at du kan sende billett til andre i den nye appen. 

Det vil ikkje vere mogleg å betale via telefonrekninga eller med mobilkonto i den nye Skyss-appen. 

Mobilkonto er ein funksjon som ikkje finst i den nye Skyss-appen. Når appen Skyss Billett forsvinn, forsvinn også mobilkonto. Dersom du har pengar igjen på mobilkontoen din, kan du søke om refusjon. Hugs at du kan bruke appen Skyss Billett og bruke opp pengane på mobilkontoen ei god stund til, og heilt fram til appen Skyss Billett ikkje vil virke meir.

Kan tilknytte brukarar framleis kjøpe billettar med min mobilkonto?
Nei. Det er ikkje mobilkonto i den nye Skyss-appen. Men du kan kjøpe billett til andre. Mottakaren av billetten må sjølv ha appen på sin telefon for å aktivere billetten.

Denne funksjonen vil komme etter kvart, men er ikkje klar enno. Dersom du har tilsette som betaler billettar med faktura, må dei inntil vidare halde fram med å bruke appen Skyss Billett.

Profil, innlogging og personvern

Du kan fint bruke appen utan profil, men då har du ikkje tilgang til alle funksjonar. Du kan for eksempel ikkje legge til favorittar, logge inn frå ein ny mobil eller sjå tidlegare kjøpte billettar.

Du ikkje ha ein profil, men du vil få fleire funksjonar med ein profil. Her er funksjonar du får når du har ein profil: 

Funksjon / teneste 

Historikk over billettkjøp og reiser 

Synkronisering mellom fleire einingar (mobil, nettbrett, web) 

Flytte billett mellom einingar 

Nedlasting av kvitteringar 

Varsling før periodebillett går ut 

Sjå kor full buss / bane/ båt er 

Push-varslingar (avvik, billett, påminningar) 

Få reiserabatten med til ny telefon 

Då mistar du historikk, billettar og favorittar.

Du opprettar ein profil under fana «Profil». Her legg du inn namn, telefonnummer og e-postadresse. Du kan også velje om du vil ha totrinnsinnlogging.

Du kan endre varslingar, språk, betalingsmåtar, favorittar, gangfart («Ditt tempo») og overgangstid.

Det er ei innstilling der du vel gangfarten din. Gangfarten blir for eksempel brukt til å berekne kor lang tid du treng for å gå til nærmaste haldeplass.

Du kan velje bokmål, nynorsk og engelsk.

Dei finn du ved å velje «Billetthistorikk» under fana «Profil».

Ja, alle betalingar går gjennom sikre og krypterte løysingar.

Ja, du kan be om sletting i tråd med regelverket.

Under fana «Profil» kan du klikke deg inn på «Informasjonen din». Her kan du slette profilen.

Tekniske krav, dekning og feilsøking

Appen kan brukast på alle smarttelefonar og nettbrett med iOS 16.4 eller Android 6.0 eller nyare.

Ja, så lenge telefonen har iOS 16.4 eller Android 6.0 eller nyare.

Ja, det er ikkje mogleg å vise billett utan dekning.

Appen kan brukast på fleire telefonar samtidig, men du kan berre ha billetten din på éin av dei om gongen.

Det spørst kva innstillingar du har på telefonen eller nettbrettet. Dersom du har valt at appane dine skal oppdaterast automatisk, vil det gjelde for den nye Skyss-appen også.

Ta kontakt med kundesenteret vårt på telefon 55 55 90 70.

Dersom det ikkje er mogleg å kjøpe billett i appen, må du kjøpe billett om bord eller på ein annan måte.

Her finn du oversikt over korleis du kan kjøpe billett til reiser med oss.

Ta kontakt kundesenteret vårt via kontaktskjema eller på telefon 55 55 90 70.

Kontroll og sikkerheit  

Ja, alle kontrollørar, sjåførar og mannskap har fått informasjon og opplæring i den nye Skyss-appen.

Har du billetten oppe på skjermen, vil han vise, men det er ikkje mogleg å få fram kontollsida på ein billett utan tilgang til internett.

Andre måtar å kjøpe billett på

Det er ikkje mogleg å bruke appen utan smarttelefon eller nettbrett. Då må du kjøpe billett på ein annan måte.

Les meir om andre måtar å kjøpe billett på.

Ja, alle kan bruke appen, men du må vere fylt 15 år for å kunne opprette ein profil.

Ja, du kan bruke Skysskortet som før når du kjøper billett i Skyss sin nettbutikk.

Ja, nettbutikken fungerer som før.

Du kan inntil vidare kjøpe og bruke SMS-billett som før.

Refusjon

Vi behandlar alle refusjonssaker vi får inn.

Skyss og Ruter

Du kan ikkje kjøpe billettar på Austlandet, men du kan bruke appen til reisesøk.

Den nye Skyss-appen bygger på den same plattforma som Ruter-appen, og er utvikla av TET Digital, som også utviklar Ruter-appen.

 

Publisert:

Oppdatert: