Spørsmål og svar om appen Skyss
Kom i gang med ny app
Kva kan eg bruke appen Skyss til?
Du kan planlegge reiser, sjå sanntidsavgangar, lagre favorittreiser, få informasjon om forseinkingar og endringar, kjøpe billettar, sende billettar til andre, med meir.
Kven passar appen for?
Alle som reiser med kollektivtransport i Vestland.
Kva einingar støttar appen?
Alle smarttelefonar og nettbrett med iOS eller Android. Du må ha iOS 16.4 eller Android 6.0.
Er appen gratis?
Ja, appen er gratis å laste ned for både iOS og Android. Du betalar berre billettpris når du kjøper billettar til buss, bybane, båt eller ferje.
Når blir den nye appen tilgjengeleg, og korleis fungerer overgangen frå dagens appar?
Den nye appen Skyss blir gradvis tilgjengeleg frå 9. mars 2026. Oppdateringa skjer gradvis, så alle får den ikkje samtidig.
- Har du iPhone og appen Skyss Reise med automatisk oppdatering, blir han automatisk oppdatert til den nye Skyss-appen i perioden frå 9. mars og om lag to veker fram i tid. Etter 9. mars kan du også oppdatere appen sjølv i App Store.
- Har du ikkje appen Skyss Reise frå før, kan du laste ned den nye Skyss-appen frå App Store frå 9. mars.
- Har du Android-telefon og appen Skyss Reise og automatisk oppdatering, blir han automatisk oppdatert til den nye Skyss-appen i perioden frå 9. mars og om lag to veker fram i tid. Etter to veker, kan du oppdatere appen sjølv i Google Play.
- Har du ikkje appen Skyss Reise frå før, kan du laste ned den nye Skyss-appen frå App Store frå 23. mars.
- Appane Skyss Billett og Skyss Bestilling vil vere som før inntil vidare.
Korleis lastar eg ned den nye appen?
Den nye Skyss-appen finn du i App Store og Google Play. Søk på «Skyss». Har du Skyss Reise-appen, vil denne bli automatisk oppdatert til den nye appen.
Kva gjer eg første gong eg opnar appen Skyss?
Vi anbefaler at du opprettar ein profil allereie første gong du opnar appen. Deretter kan du søke etter reiser og kjøpe billettar.
Når du har ein profil, får du
- oversikt over alle billettane du har kjøpt i den nye Skyss-appen
- moglegheit til å legge inn favorittar, som er reiser eller haldeplassar du bruker ofte
- moglegheit til å lagre reiser du skal ta fram i tid
Du må vere 15 år for å opprette profil.
Kva er nytt – og kva forsvinn?
Kva er nytt i den nye appen?
Du vil sjå at Skyss-appen fungerer på ein litt annan måte enn appane Skyss Reise og Skyss Billett. I tillegg er det fleire nye ting du kan gjere i appen.
Du kan
- kjøpe billettar og sende dei til andre som har appen
- kjøpe billettar som startar på eit bestemt tidspunkt fram i tid
- endre tidspunktet for billettar du har kjøpt fram i tid
- kjøpe billett til akkurat den reisa du har søkt på
- lagre konkrete reiser som du skal ta fram i tid
- abonnere på 30-dagars periodebillett og 30-dagars ungdomsbillett
- sjå bussen i sanntid på kartet
- velje mellom lys og mørk bakgrunn
- sjå el-sparkesyklar på kartet
- filtrere på fleire måtar når du søker etter reiser
- bestille reiser med Skyss bestilling
- under "Billett" finne hurtigkjøp, som viser dei siste billettane du har kjøpt. Det gjer det mogleg å raskt kjøpe same billett på nytt.
- lagre favoritthaldeplassar og linjene du vil vise avgangstider for. Denne funksjonen er litt annleis enn favorittfunksjonen i Skyss Reise.
Finn eg skoleskyssbillettane i den nype appen?
Desse funksjonane kjem seinare:
- Skoleskyssbillettar er ikkje i den nye appen enno. Skoleelevar har framleis billettane sine i appen Skyss Billett, men kan bruke Skyss-appen til reiseplanlegging.
- Kjøpsløysing for bedrifter og organisasjonar. Du som har bedriftsavtale kan ikkje kjøpe billettar i den nye Skyss-appen som bedrifta di betalar for.
Kva funksjoner forsvinn frå dagens appar?
Mobilkonto forsvinn. Har du mobilkonto i appen Skyss Billett, bruk opp denne der, for du kan ikkje ta med deg pengane til den nye Skyss-appen.
Når eg kjøper billett i appen Skyss Billett, kjem det opp ei nedteljing som går i 2 minutt, før billetten startar. Kvifor får eg ikkje opp denne nedteljinga i den nye appen?
Når du kjøper billett i den nye appen Skyss, begynner billetten å gjelde med ein gong. Du kan også bestemme at billetten skal starte på eit bestemt tidspunkt fram i tid. Du kan når som helst gå inn på billetten og «starte den no», for eksempel om du vel å ta ein tidlegare buss enn planlagd. Hugs at billetten din må vere aktiv når du går om bord.
Overgang frå Skyss Billett, Skyss Reise og Skyss Bestilling
Kva skjer med billettar eg allereie har i appen Skyss Billett?
Du kan bruke billettar du har i appen Skyss Billett, så lenge dei er gyldige. Når du skal kjøpe ny billett, kan du byte til den nye Skyss-appen.
Kan eg flytte billettar frå appen Skyss Billett over til den nye appen?
Nei, det er ikkje mogleg å flytte billettar frå Skyss Billett til den nye Skyss-appen. Du kan bruke billettar du har i Skyss Billett, så lenge dei er gyldige. Når du skal kjøpe ny billett, kan du byte til den nye Skyss-appen.
Kan eg pause periodebillettar for å flytte dei?
Nei, det er ikkje mogleg å pause periodebillettar. Du kan bruke periodebilletten til han går ut på dato.
Kva skjer med pengar eg har på mobilkonto?
Dersom du har pengar igjen på mobilkontoen, bør du bruke dei opp så langt det er mogleg i Skyss Billett-appen. Viss det ikkje let seg gjere, kan du be om refusjon. Det gjer du på skyss.no/refusjon.
Kva skjer med reiserabatten eg har opparbeidd meg i Skyss Billett?
Når du tar i bruk den nye appen Skyss, startar oppteninga av reiserabatt på nytt. Det er dessverre ikkje mogleg å flytte rabatten frå Skyss Billett til den nye appen Skyss, fordi systema våre ikkje kan overføre denne typen data på ein trygg og korrekt måte. Har du mykje reiserabatt, kan det difor vere lurt å bytte til ny app etter ein periode der du har reist mindre og har lågare rabatt.
Kva skjer med innfartsparkering og bilnummer som er lagra i den gamle appen?
Når du tar i bruk den nye appen Skyss, må du legge inn bilnummeret ditt på nytt. Ordninga med gratis parkering for deg med periodebillett er som før, det er berre registreringa av bilnummeret du må gjere på nytt. Det gjer du under Profil → Innfartsparkering → Legg til køyretøy.
Må eg ha ein profil for å kunne bruke løysinga for innfartsparkering?
Ja, for det er i profilen du registrerer bilnummeret ditt.
Når sluttar dei gamle appane å fungere?
Skyss Reise blir erstatta av den nye Skyss-appen. Det vil skje gradvis dei første to vekene etter lanseringa. Når du startar Skyss Reise-appen etter dette, vil han bli automatisk oppdatert og endra til Skyss-appen. Skyss Billett og Skyss Bestilling vil fungere som før ei god stund til.
Må eg slette dei gamle appane sjølv?
Du treng ikkje å slette Skyss Reise, ettersom denne appen blir automatisk oppdatert og endra til den nye Skyss-appen. Skyss Billett må du slette sjølv, når eventuelle periodebillettar har gått ut på dato og du har brukt opp eller fått refundert pengane på mobilkontoen. Skyss Bestilling må du også slette sjølv.
Kan eg bruke dei gamle appane etter at den nye Skyss-appen er lansert?
Du kan bruke Skyss Billett ei god stund til. Etter kvart vil nokre billettypar ikkje lenger vere tilgjengelege i den gamle appen, men alle billettar du kjøper i Skyss Billett, kan du bruke så lenge dei er gyldige. Skyss Reise vil bli automatisk oppdatert og endra til den nye Skyss-appen. I løpet av 2026 vil også appen Skyss Bestilling forsvinne, for med den nye Skyss-appen kan du også bestille reiser med Skyss Bestilling.
Kva gjer eg dersom eg får ny telefon?
Dersom du har oppretta ein brukarprofil i den nye Skyss-appen, kan du enkelt byte telefon og logge inn. Då kan du flytte aktive billettar, favorittar og andre data du har lagra på profilen din.
Dersom du får nytt telefonnummer, må du opprette ein ny profil.
Om du ikkje har ein profil, kan du flytte billettar frå den gamle til den nye telefonen ved hjelp av billett-ID. Då må du kontakte kundeservice.
Kva skjer om eg bruker fleire telefonar?
Brukarprofilen din er knytt til telefonnummeret ditt. Du kan logge inn frå andre einingar, men må godkjenne med ein eingongskode på telefonen som er knytt til brukarprofilen. Du kan flytte aktive periodebillettar inntil to gonger.
Kan eg bruke snarvegar utan å opne appen?
Ja, ved å trykke og halde på app-ikonet på skjemen din, får du fram kva for val du har.
Kan eg lage ein widget på heimeskjermen?
Ja, det kan du gjere via app-ikonet. Trykk og hald på app-ikonet, og du får fram vala du har. Då kan du sjå nokre av funksjonane i Skyss-appen rett på skjermen og kan du bruke dei utan å opne appen.
Skyss Bestilling - korleis bestiller eg buss no?
Med den nye appen Skyss kan du bestille buss i dei områda som har bestillingsbuss. Bestillingsbussar har linjenummer BE og merkanden "Må bestillast" og du klikker videre for å bestille. Du treng ikkje lenger gjere det i appen Skyss Bestilling eller på nettsida. Appen Skyss Bestilling vil likevel vere tilgjengeleg ei stund framover, så du kan bruke både den nye appen og Skyss Bestilling. Hugs at du må kjøpe billett i tillegg til sjølve bestillinga av turen. Du må vere 15 år for å bestille tur i appen.
Reisesøk, sanntid og soner
Kor finn eg reiseplanleggaren?
Reiseplanleggaren i appen Skyss finn du under fana «Reise».
Korleis fungerer reisesøk i den nye appen?
Du kan søke opp ei reise på fleire måtar. Du kan skrive namn på haldeplass eller stad i «Frå»- og «Til»-felta og få opp forslag til reisemåtar. Eller du kan klikke på «Sjå avgangar» og legge inn haldeplassen du ønsker, eller klikke på ein aktuell haldeplass på kartet.
Kan eg filtrere transportmiddel?
Ja, du kan velje buss, bybane, tog, båt, sykkel og flybuss.
Veit appen kor lang tid eg bruker på å gå til haldeplassen?
Ja, han viser gangtid basert på posisjonen din. Du kan stille inn tempoet ditt under Profil.
Finn appen nærmaste haldeplass automatisk?
Ja, kartet viser nærmaste haldeplass og gangtid dersom du har aktivert stadtenester.
Kan eg sjå bysyklar og el-sparkesyklar på kartet?
Ja, om du slår på visninga i kartet.
Kjem det fram om det dreier seg om ei bestillingsrute?
Ja, då er ruta merkt med Skyss Bestilling, og du kan no bestille reisa direkte i Skyss-appen. Du treng ikkje lenger appen Skyss Bestilling.
Kan eg følge bussar, bybanen og båtar i sanntid?
Ja, du kan følge bussen i sanntid på kartet. Du får sanntidsinformasjon om bussar i heile gamle Hordaland og i Nordfjord.
Sanntidsinformasjon om båtar og ferjer er også tilgjengeleg.
Fleire område kjem etter kvart.
Kva betyr dei grøne og gule rundingane som viser ved linjene som går frå ein haldeplass eg har valt?
Dei farga rundingane viser kor godt bussen held rutetida. Er fargen grøn, er bussen 1–3 minutt etter rutetida. Er fargen gul, er bussen meir enn 3 minutt etter rutetida. Dersom det oppstår større forseinkingar eller hendingar i trafikken, vil vi informere om det. Les meir om korleis vi informerer om hendingar og endringar i trafikken.
Korleis kan eg vite at sanntidsprognosen er oppdatert i appen? I Skyss Reise kunne eg oppdatere sanntidsprognosen sjølv.
I den nye Skyss-appen treng du ikkje å oppdatere sanntidsprognosen sjølv. Det skjer automatisk nesten kontinuerleg. Av og til kan det vere tekniske utfordringar med å sende data, og då kan det ta lengre tid.
Merk at det er ikkje alle stadar i Vestland som har sanntid enno, men det kjem på plass i løpet av 2026.
Korleis ser eg korrespondansar?
Korrespondansar ser du i reisesøket. Du ser eit smilefjes mellom turane og ordet "Korrespondanse". Sjølve visninga er litt annleis enn den du er van med frå den gamle appen, men bussane skal framleis vente på kvarandre.
Gjeld appen også for tog?
Ja, du kan også søke opp reiser med tog i den nye Skyss-appen. Du kan kjøpe utvalde billettar til tog på nokre strekningar.
Kan eg lagre reiser ei bruker ofte?
Ja, du kan lagre spesifikke reiser, og du kan legge til haldeplassar eller linjer som favorittar.
Korleis lagrar eg ei reise?
For å kunne lagre ei reise må du først opprette ein profil. Deretter kan du søke opp den aktuelle reisa, velje avgang, bla heilt ned og klikke på «Lagre reise». Seinare kan du finne igjen reisa under fana «Reise» eller fana «Profil». Ei lagra reise forsvinn innan ein time etter at tidspunktet for reisa er passert.
Kva er forskjellen på ei lagra reise og ein favoritt?
Ei lagra reise er ein spesifikk tur. Ho forsvinn innan ein time etter at tidspunktet for reisa er passert. Ein favoritt kan vere ein haldeplass eller ei linje der du har haka av på stjernesymbolet. Både lagra reiser og favorittar blir viste under fana «Reise». Du finn dei også under fana «Profil».
Kvifor forsvinn ei lagra reise etter at eg har reist?
Ei lagra reise er knytt til et spesifikt tidspunkt og vil derfor forsvinne innan ein time etter at dette tidspunktet er passert. Du kan lagre haldeplassar og linjer som favorittar. Då vil du sjå neste avgang for desse under reiseplanleggaren.
Kor mange lagra reiser kan eg ha?
Du kan ha to lagra reiser om gongen.
Kva er forskjellen på ei lagra reise og ein favoritt?
Ei lagra reise er ein spesifikk tur på ein bestemt dato og klokkeslett. Ho forsvinn innan ein time etter at tidspunktet for reisa er passert. Ein favoritt kan vere ein haldeplass eller ei linje der du har haka av på stjernesymbolet. Då ser du alle avgangar får den haldeplassen. Både lagra reiser og favorittar blir viste under fana «Reise». Du finn dei også under fana «Profil».
Korleis finn eg ut kva sone eg reiser i?
Du finn oversikt over sonene på kartet. Her kan du zoome deg ut og sjå kva sone du skal reise i. I tillegg kan du søke opp haldeplass eller stad under fana «Billettar». Der vil du sjå sona du er i eller skal til.
Korleis fungerer reisesøk når eg ikkje er på nettet (er offline)?
Du må vere kopla til internett (trådlaust eller via mobildata) for å kunne søke etter reiser og vise fram billetten din. Appen fungerer ikkje utan internett.
Får eg varsel om forseinkingar eller endringar?
Du får ikkje push-varsel, men alle reelle forseinkingar, endringar og avlyste avgangar blir viste i reisesøk dersom det er endringar på di reise.
Skyss Bestilling - korleis bestiller eg buss no?
Med den nye appen Skyss kan du bestille buss i dei områda som har bestillingsbuss. Bestillingsbussar har linjenummer BE og merkanden "Må bestillast" og du klikker videre for å bestille. Du treng ikkje lenger gjere det i appen Skyss Bestilling eller på nettsida. Appen Skyss Bestilling vil likevel vere tilgjengeleg ei stund framover, så du kan bruke både den nye appen og Skyss Bestilling. Hugs at du må kjøpe billett i tillegg til sjølve bestillinga av turen. Du må vere 15 år for å bestille tur i appen.
Billettar – kjøp, bruk og deling
Korleis kjøper eg billett i den nye appen?
Du kan kjøpe billett på fleire måtar:
- Du kan klikke på fana «Billett» og velje «Kjøp billett». Her vel du type billett, billettkategori og kor du skal reise frå og til.
- Du kan klikke på fana «Billett» og velje ein billett under «Hurtigkjøp». Dette er ein billettype du har kjøpt før.
- Du kan kjøpe billett via reisesøk. Klikk på fana «Reise» og vel kor du skal reise frå og til. Når du har valt reise, kjem det opp kva billett du treng, øvst. Klikk på «Kjøp billett».
Kva billettypar finst i appen?
Du kan kjøpe alle billettane våre i appen – enkeltbillett, 24-timarsbillett, 7-dagarsbillett, 30-dagarsbillett og 180-dagarsbillett, billettar for ulike kategoriar og transportmiddel, i tillegg til 30-dagars ungdomsbillett. Du kan også kjøpe tur-retur-billett til båt.
Korleis viser eg billetten ved kontroll?
Klikk deg inn på billetten under fana «Billettar» og klikk deretter på «Kontroll».
Når startar billetten?
Billetten startar automatisk på det tidspunktet du kjøper han i appen, med mindre du vel eit seinare tidspunkt.
Kan eg kjøpe billettar på førehand?
Ja, du kan kjøpe billettar inntil 3 veker fram i tid.
Kan eg flytte ein billett til ny mobil?
Ja, du kan flytte aktive periodebillettar inntil to gonger. Logg inn i appen på den nye mobilen og følg instruksane der. Det er ikkje mogleg å flytte enkeltbillettar.
Kan eg abonnere på periodebillettar?
Ja, du kan abonnere på 30-dagarsbillett og 30-dagars ungdomsbillett. I billettdetaljane finn du valet «Start abonnement».
Får eg varsel når abonnementsbilletten blir fornya?
Ja, under Profil → Innstillingar → Varslingar kan du velje kva for varslingar du vil ha.
Kan eg endre tidspunktet for når billetten skal vere gyldig?
Ja, du kan flytte billetten inntil 21 dagar fram i tid. Dersom du ikkje skal bruke billetten då heller, kan du flytte han ein siste gong.
Kan eg kjøpe billett om bord?
Ja, du kan framleis kjøpe billett om bord – på same måte som før.
På buss kan du kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett om bord, medan du på båt kan kjøpe enkeltbillett og tur-retur-billett om bord.
Kan eg kjøpe billett utan å ha tilgang til internett (offline)?
Kan eg kjøpe billett utan å ha tilgang til internett (offline)?
Eg kjøper den same billetten kvar gong, og synest det blir mange klikk for å få kjøpt billetten. Finst det ei betre løysing?
Dei siste billettane du har kjøpt, eller dei billettane du kjøper ofte, vil legge seg under «Hurtigkjøp» under fana «Billettar». Klikk på «Kjøp» og kom rett til betaling. Her kan du endre starttidspunkt dersom du ønsker det.
Kan eg bruke skolebillett i den nye appen?
Ikkje enno, men dette kjem på plass til skolestart i august 2026.
Kan eg dele billetten min med andre?
Du kan ikkje dele billetten din, men du kan kjøpe billett til andre. Under fana «Billettar» vel du «Kjøp billett» og deretter «Billett til andre». Klikk på «Del billett» og send billetten via SMS, e-post eller sosiale medium. Mottakaren mottar en kode og må sjølv ha appen Skyss for å hente inn billetten. Billetten må hentast innan 20 dagar, viss ikkje får du refundert summen.
Dersom nokon har kjøpt ein billett til deg, får du ei lenke med ein billettkode. Klikk på lenka, så opnar Skyss-appen seg, og du kan legge inn billettkoden under fana «Profil» og «Hent billett». Deretter kan du velje starttidspunktet for billetten.
Må den eg sender billett til, ha ein profil i appen?
Nei, mottakaren må berre ha appen. Hen hentar billetten ved å velje «Hent billett» under fana "Profil".
Korleis kjøper eg billett for andre?
Under fana «Billettar» vel du «Kjøp billett» og deretter «Billett til andre».
Korleis legg eg inn ein billettkode?
Dersom nokon har kjøpt billett til deg, får du ein billettkode. Klikk på fana «Profil» og vel «Hent billett». Legg inn billettkoden. Deretter kan du velje starttidspunktet for billetten.
Billetten er tilgjengeleg for deg i opptil 20 dagar etter den er delt med deg.
Eg har ein billett eg ikkje får brukt. Korleis kansellerer eg billetten?
Dersom du har kjøpt ein billett som skal starte fram i tid, kan du endre starttidspunktet eller kansellere billetten før han er aktivert. Klikk på fana «Billettar» og klikk deg inn på billetten. Vel «Endre startstidspunkt» eller «Kanseller billetten».
Billettar som har starta, kan du ikkje kansellere.
Betaling og rabattar
Blir billettar, prisar og rabattar endra?
Nei, alle billettypar, prisar og rabattar er som før. Hugs berre at reiserabatten startar på nytt i den nye appen.
Kor kan eg kjøpe 180-dagars periodebillett?
180-dagars periodebillett kan du kjøpe i den nye Skyss-appen. Mogelegheita for å kjøpe 180-dagarsbillett blir fjerna om ikkje så lenge frå den gamle appen Skyss Billett.
Kva betalingsmetodar kan eg bruke?
Du kan betale med Visa, Mastercard, Vipps og Apple Pay (iOS). Hugs at du kan sende billett til andre i den nye appen.
Det vil ikkje vere mogleg å betale via telefonrekninga eller med mobilkonto i den nye Skyss-appen.
Kva skjer med mobilkonto?
Mobilkonto er ein funksjon som ikkje finst i den nye Skyss-appen. Når appen Skyss Billett forsvinn, forsvinn også mobilkonto. Dersom du har pengar igjen på mobilkontoen din, kan du søke om refusjon. Hugs at du kan bruke appen Skyss Billett og bruke opp pengane på mobilkontoen ei god stund til, og heilt fram til appen Skyss Billett ikkje vil virke meir.
Kan tilknytte brukarar framleis kjøpe billettar med min mobilkonto?
Nei. Det er ikkje mobilkonto i den nye Skyss-appen. Men du kan kjøpe billett til andre. Mottakaren av billetten må sjølv ha appen på sin telefon for å aktivere billetten.
Kan bedrifta mi bruke den nye appen til å la tilsette betale med faktura?
Denne funksjonen vil komme etter kvart, men er ikkje klar enno. Dersom du har tilsette som betaler billettar med faktura, må dei inntil vidare halde fram med å bruke appen Skyss Billett.
Profil, innlogging og personvern
Må eg ha ein profil, eller kan eg bruke appen anonymt?
Du kan fint bruke appen utan profil, men då har du ikkje tilgang til alle funksjonar. Du kan for eksempel ikkje legge til favorittar, logge inn frå ein ny mobil eller sjå tidlegare kjøpte billettar.
Kvifor må eg eventuelt ha ein profil?
Du må ikkje ha ein profil, men du vil få fleire funksjonar med ein profil. Her er funksjonar du får når du har ein profil:
Funksjon / teneste |
|
Historikk over billettkjøp og reiser |
|
Synkronisering mellom fleire einingar (mobil, nettbrett, web) |
|
Flytte billett mellom einingar |
|
Nedlasting av kvitteringar |
|
Varsling før periodebillett går ut |
|
Sjå kor full buss / bane/ båt er |
|
Push-varslingar (avvik, billett, påminningar) |
|
Få reiserabatten med til ny telefon |
Kva skjer om eg byter mobil utan profil?
Då mistar du historikk, billettar og favorittar.
Korleis lagar eg ein profil?
Du opprettar ein profil under fana «Profil». Her legg du inn namn, telefonnummer og e-postadresse. Du kan også velje om du vil ha totrinnsinnlogging.
Kva kan eg endre i profilen?
Du kan endre varslingar, språk, betalingsmåtar, favorittar, gangfart («Ditt tempo») og overgangstid.
Kva er «Ditt tempo»?
Det er ei innstilling der du vel gangfarten din. Gangfarten blir for eksempel brukt til å berekne kor lang tid du treng for å gå til nærmaste haldeplass.
Kva språk kan eg velje i Skyss-appen?
Du kan velje bokmål, nynorsk og engelsk.
Kor finn eg kvitteringar for reisene mine?
Dei finn du ved å velje «Billetthistorikk» under fana «Profil».
Er det trygt å betale i appen?
Ja, alle betalingar går gjennom sikre og krypterte løysingar.
Kan eg få sletta persondata om meg?
Ja, du kan be om sletting i tråd med regelverket.
Korleis slettar eg profilen min?
Under fana «Profil» kan du klikke deg inn på «Informasjonen din». Her kan du slette profilen.
Tekniske krav, dekning og feilsøking
Kva telefonmodellar og operativsystem støttar appen?
Appen kan brukast på alle smarttelefonar og nettbrett med iOS 16.4 eller Android 6.0 eller nyare.
Fungerer appen på eldre telefonar?
Ja, så lenge telefonen har iOS 16.4 eller Android 6.0 eller nyare.
Treng eg internett for å vise billetten?
Ja, det er ikkje mogleg å vise billett utan dekning.
Kan appen brukast på fleire telefonar samtidig?
Appen kan brukast på fleire telefonar samtidig, men du kan berre ha billetten din på éin av dei om gongen.
Må eg oppdatere appen manuelt?
Det spørst kva innstillingar du har på telefonen eller nettbrettet. Dersom du har valt at appane dine skal oppdaterast automatisk, vil det gjelde for den nye Skyss-appen også.
Kva gjer eg om appen ikkje fungerer?
Ta kontakt med kundesenteret vårt på telefon 55 55 90 70.
Kva gjer eg om kjøpet ikkje går gjennom?
Dersom det ikkje er mogleg å kjøpe billett i appen, må du kjøpe billett om bord eller på ein annan måte.
Her finn du oversikt over korleis du kan kjøpe billett til reiser med oss.
Kva gjer eg om eg ikkje får lasta ned appen?
Ta kontakt kundesenteret vårt via kontaktskjema eller på telefon 55 55 90 70.
Kontroll og sikkerheit
Kjenner kontrollørar og sjåførar igjen billettane i den nye appen?
Ja, alle kontrollørar, sjåførar og mannskap har fått informasjon og opplæring i den nye Skyss-appen.
Korleis fungerer kontroll av billett i område med dårleg dekning?
Har du billetten oppe på skjermen, vil han vise, men det er ikkje mogleg å få fram kontollsida på ein billett utan tilgang til internett.
Andre måtar å kjøpe billett på
Kva gjer eg om eg ikkje har smarttelefon?
Det er ikkje mogleg å bruke appen utan smarttelefon eller nettbrett. Då må du kjøpe billett på ein annan måte.
Kva gjer eg om barnet mitt ikkje har smarttelefon?
Då må barnet kjøpe billett på ein annan måte.
Kan alle bruke Skyss-appen?
Ja, alle kan bruke appen, men du må vere fylt 15 år for å kunne opprette ein profil.
Kan eg framleis kjøpe billett på billettautomatane langs bybanen?
Ja, billettautomatane fungerer som før.
Kan eg framleis bruke Skysskort?
Ja, du kan bruke Skysskortet som før når du kjøper billett i Skyss sin nettbutikk.
Kan eg framleis kjøpe billett i nettbutikken?
Ja, nettbutikken fungerer som før.
Kan eg framleis kjøpe SMS-billett?
Du kan inntil vidare kjøpe og bruke SMS-billett som før.
Refusjon
Eg har allereie sendt inn ei refusjonssak. Kva skjer med den?
Vi behandlar alle refusjonssaker vi får inn.
Skyss og Ruter
Kan den nye appen brukast på Austlandet?
Du kan ikkje kjøpe billettar på Austlandet, men du kan bruke appen til reisesøk.
Kvifor liknar Skyss-appen på Ruter-appen?
Den nye Skyss-appen bygger på den same plattforma som Ruter-appen, og er utvikla av TET Digital, som også utviklar Ruter-appen.
Publisert:
Oppdatert: