Hopp til hovedinnald

Kjøp av 7-, 30- og 180-dagarsbillett båt i Hordaland

Du kan kjøpe 7-, 30- og 180-dagarsbillett båt i appen Skyss Billett, i nettbutikken eller på kundesenteret.

For å kjøpe periodebillett for båt i nettbutikken eller på kundesenteret, må du ha Skysskort. 

Om periodebilletten

Billetten er upersonleg og kan nyttast av andre, men den kan berre nyttast av ein person om gongen. Personen som nyttar billetten må likevel tilfredsstille krav til alder og rabattar. For å låne bort ein billett du har kjøpt på Skysskort må du låne bort kortet. For å låne bort billetter kjøpt i billett-appen må du fysisk låne bort mobiltelefonen din.

Gyldigheitstida for periodebillettar gjeld frå klokkeslettet ved kjøp/aktivering til same klokkeslett 7, 30 eller 180 dagar fram i tid. Billetten er gyldig så lenge du går på transportmiddel i rute før billetten går ut.

Kva tid startar billetten å gjelde?
7-, 30- eller 180-dagarsbillett for båt kjøpt i appen Skyss Billett vert aktiv med ein gong du har kjøpt billetten, medan du i nettbutikken kan velje kva tidspunkt billetten skal gjelde frå.

Kombinasjonsbillettar for buss og båt
Dersom du reiser med buss i kombinasjon med ei båtrute som ikkje er inkludert i sonesystemet, får du rabatt dersom du kjøper ein kombinasjonsbillett. Kombinasjonsbilletten består av ein periodebillett for ei eller fleire soner med buss, og ein periodebillett for ei bestemt båtstrekning.

Du kan kjøpe kombinasjonsbillett i Skyss nettbutikk eller på kundesenteret vårt. Denne typen billett er ikkje tilgjengeleg i appen Skyss Billett eller om bord på buss eller båt.

Hugs at periodebillettar for buss også gjeld på Askøybåten, Nordhordlandsbåten og båtruta Eidesvik-Espevær. Her treng du ikkje kombinasjonsbillett.