Hopp til hovedinnald

Båtruter der du kan ta med køyretøy:

  • 291 Florø–Veiesund–Askrova–Stavang–Svanøy (Florabassenget sør)
  • 292 Florø–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget vest)
  • 293 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy (Florabassenget nord)
  • 294 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (fellesturar i Florabassenget vest og nord)
  • 1190 Ortnevik–Måren–Nordeide
  • 1190 Vik–Ortnevik

Dei fleste av desse rutene blir køyrde med båtar som har avgrensa plass til køyretøy, og som hovudsakleg er passasjerbåtar. 

Merk: I Florabassenget kan du inntil vidare berre bestille plass til køyretøy til og med 22. juni. 

Gå til oversikt over prisar for køyretøy på båt

Dersom strekninga har fleire delstrekningar, vil desse komme opp etter at du har valt hovudstrekning.

  • Vel strekning frå nedtrekksmenyen.
  • Vel kva type køyretøy du har. Du vel mellom:
    • Konvensjonell: bensin-, diesel- eller hybridkøyretøy
    • Nullutslepp: elektriske eller hydrogenkøyretøy.
  • Vel datoen du skal reise.
  • Vel priskategori:
    • Fullpris
    • AutoPASS-brikke utan forskotsavtale
    • AutoPASS for ferje forskotsavtale for privatpersonar
    • AutoPASS for ferje forskotsavtale for bedrifter
  • Klikk på søk for å sjå prisane.

Prisen blir bestemt av lengda på køyretøyet ditt, inkludert last. Motorsyklar og mopedar betaler eigne prisar. Merk: Oversikta viser ikkje prisar for passasjerar.

Prisar, rabattar og betalingsmåtar for køyretøy på båt følger i hovudsak AutoPASS-regulativet for ferjetakstar, med nokre unntak. Unntaka handlar om betalingsmåtar for køyretøy utan AutoPASS-avtale og prisar for passasjerar.

Det er ulike måtar å få rabatt på køyretøy. Frå 28. mai gjeld følgande: 

  • Du får 10 prosent rabatt dersom du har ei AutoPASS-godkjent bombrikke i køyretøyet ditt. Dersom du har bombrikke, blir du fakturert for reisa i etterkant. På autopassferje.no finn du oversikt over kvar du kan bestille brikke.
  • Du får best rabatt dersom du har brikke og AutoPASS for ferje forskotsavtale. Denne avtalen gir 50 prosent rabatt for privatkundar og 40 prosent rabatt for bedriftskundar. Dersom du har forskotsavtale, blir du trekt frå det innbetalte forskotet på ferjekontoen din. Du opprettar avtalen på autopassferje.no.
  • Dersom du ikkje har verken AutoPASS-brikke eller forskotsavtale, må du betale fullpris og betaler med kort eller kontantar om bord. Du blir ikkje etterfakturert slik som på ferjer. 
  • Dersom du har eit nullutsleppskøyretøy, gir dette også rabatt, som kjem i tillegg. Nullutsleppskøyretøy under 6 meter får 30 prosent rabatt, mens større nullutsleppskøyretøy får 50 prosent rabatt.

Frå 28. mai kan du betale for køyretøy ved hjelp av skiltgjenkjenning.

Når du køyrer om bord på båten blir skiltnummeret på køyretøyet lese av. Pris og betalingsmåte er avhengig av kva AutoPASS-avtale du har og kva køyretøy du har:

  • Dersom du har ei AutoPASS-godkjent bombrikke i køyretøyet ditt blir du fakturert for reisa i etterkant.
  • Dersom du har brikke og AutoPASS for ferje forskotsavtale, blir du trekt frå det innbetalte forskotet på ferjekontoen din.
  • Dersom du ikkje har verken AutoPASS-brikke eller forskotsavtale, må du betale fullpris og betaler med kort eller kontantar om bord. Du blir ikkje etterfakturert slik som på ferjer.

Når du betaler for køyretøy på båt, betaler du også for sjåføren. Dersom du har med passasjerar, må desse ha vanleg billett for ruta dei reiser med.

På rutene i Florabassenget er dette billett for sone H, medan det på rutene i Sogn er det båtbillett for strekninga dei reiser på.

Ver merksam på at du ikkje har rett på familierabatt i Florabassenget når du har betalt for køyretøy inkludert sjåfør. For å ha rett på familierabatt på desse rutene, må du vere over 18 år og ha ein vanleg billett for sone H. 

Prisar, rabattar og betalingsmåtar for køyretøy på båt følger i hovudsak AutoPASS-regulativet for ferjetakstar, med nokre unntak. Unntaka frå AutoPASS-regulativet handlar om betalingsmåtar og prisar for passasjerar, som du finn informasjon om over.

AutoPASS-regulativet gjeld også på ferjene våre i Vestland. Regulativet og prisane blir vanlegvis oppdaterte ved nyttår kvart år.

På Statens vegvesen sine nettsider finn du gjeldande AutoPASS-regulativ for ferjetakstar, og i tillegg gjeldande prislister for alle typer køyretøy. 

Det er avgrensa plass til køyretøy på båtane. Vi anbefaler difor at du bestiller plass på førehand.

Du kan bestille plass inntil 35 dagar før avgangen. Når du skal ha med bil eller anna køyretøy, må du møte på kaia minst 10 minutt før avgang for å behalde plassen.

Merk: I Florabassenget kan du inntil vidare berre bestille plass til køyretøy til og med 22. juni. 

Slik bestiller du plass:

Du kan bestille plass til køyretøy på

  • 291 Florø–Veiesund–Askrova–Stavang–Svanøy (Florabassenget sør)
  • 292 Florø–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget vest)
  • 293 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy (Florabassenget nord)
  • 294 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (fellesturar i Florabassenget vest og nord)
  • 1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
  • 1190 Vik-Ortnevik

Forskrift om transport med ferje 

 

Publisert:

Oppdatert: