Enkeltbillett båt i Sogn og Fjordane
Enkeltbillett båt gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt båtstrekning i Sogn og Fjordane. Du kan kjøpe enkeltbillett til båt i kategoriane vaksen, barn, student, honnør og militær.
Kjøp om bord hos mannskapet
Du kjøper enkeltbillett til båt i Sogn og Fjordane om bord. Du kan betale med kontantar, bankkort eller Kringom Verdikort, og du får ein papirlapp som billett og kvittering.