Trygt Heim
Trygt heim er eit tilbod med nattavgangar i distrikta for deg mellom 16 og 24 år. Andre reisande kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass.
Nokre av Trygt heim-rutene er faste ruter som går uansett, mens andre er bestillingsruter som du må bestille. Klikk på din kommune i lista under for å sjå korleis du kjem deg trygt heim der du bur.
Bømlo/Stord
Faste ruter:
- Leirvik–Svortland–Langevåg: Linje 620
- Leirvik–Moster: Linje 620
- Svortland–Moster: Linje 554
- Svortland–Langevåg: Linje 552
Du kjøper og betaler bussbillett på vanleg måte. Her finn du informasjon om prisar.
Florø
Rutene går frå Florø kulturhus via MH24-stasjonen kl. 03.00 natt til søndag. I tillegg går rutene natt til 1. mai, natt til 17. mai og natt til 3. juledag.
Fast rute:
- Florø–Eikefjord
Bestillingsrute:
Denne ruta er ei bestillingsrute som må bestillast på førehand. For at bestillingsrutene skal gå, må det være minst tre reisande.
- Florø–Norddalsfjord. Bestill på tlf. 90 06 74 70 seinast dagen før.
Pris og betaling
Billetten kostar 40 kroner og du kjøper og betaler billett om bord. Dersom du har ungdomsbillett, kan du bruke den.
Førde
Rutene går kl. 03.00 natt til søndag frå Førde rutebilstasjon. I tillegg går rutene natt til 1. mai, natt til 17. mai og natt til 3. juledag.
Faste ruter:
- Førde–Vassenden–Skei–Stardalen
- Førde–Dvergsdalen
- Førde–Naustdal–Fimland
- Førde–Bygstad–Laukeland
- Førde–Holsen–Viksdalen–Oppedal
- Førde–Sande–Sygna–Hestad–Senneset
Bestillingsruter:
Nokre av rutene er bestillingsruter som må bestillast på førehand. For at bestillingsrutene skal gå, må det være minst tre reisande.
- Førde– Naustdal–Helle–Vevring (Bestill på tlf. 95 95 63 18 innan kl. 1800 same dag).
- Førde–Naustdal–Åsdalen–Byrkjeflot (Bestill på tlf. 57 81 91 36 / 90 55 15 10 innan kl. 1800 same dag).
- Førde–Haukedal (Bestill på tlf. 95 88 97 70 innan kl. 1800 same dag).
- Førde–Solheimsdalen–Kvammen–Liset (Bestill på tlf. 57 82 14 25 innan kl. 1800 same dag).
Pris og betaling
Billetten kostar 40 kroner og du kjøper og betaler billett om bord. Dersom du har ungdomsbillett, kan du bruke den.
Sandane
Rutene går kl. 02.30 natt til søndag, frå drosjesentralen. I tillegg går rutene natt til 1. mai, natt til 17. mai og natt til 3. juledag.
Fast rute:
- Sandane–Byrkjelo–Myklebustdalen
Bestillingsruter:
Nokre av rutene er bestillingsruter som må bestillast på førehand. For at bestillingsrutene skal gå, må det være minst tre reisande.
Bestillingsrutene må bestillast på tlf. 948 55 555 innan kl. 20.00 same dag.
- Sandane–Sørstranda
- Sandane–Nordstranda
Pris og betaling
Billetten kostar 40 kroner og du kjøper og betaler billett om bord. Dersom du har ungdomsbillett, kan du bruke den.
Sogndal
Rutene går kl. 02.30 frå Sogndal skysstasjon natt til søndag. I tillegg går rutene natt til 1. mai, natt til 17. mai og natt til 3. juledag.
Faste ruter:
- Sogndal–Kaupanger
- Sogndal–Hafslo–Gaupne
- Sogndal–Leikanger–Henja–Eggum
Bestillingsruter
Nokre av rutene er bestillingsruter som må bestillast på førehand. For at bestillingsrutene skal gå, må det være minst tre reisande.
Bestillingsrutene må bestillast på tlf. 57 67 10 00 innan kl. 1800 same dag.
- Sogndal–Slinde–Øvstedalen
- Sogndal–Sogndalsdalen
Pris og betaling
Billetten kostar 40 kroner og du kjøper og betaler billett om bord. Dersom du har ungdomsbillett, kan du bruke den.
Voss/Granvin/Ulvik
Faste ruter
Du treng ikkje å bestille. Bussane går frå Voss stasjon til oppgitte tider og køyrer dersom det er passasjerar som skal vere med frå denne haldeplassen.
Du kjøper og betaler bussbillett på vanleg måte. Her finn du informasjon om prisar.
Det er to ruter i tillegg, men dess må bestillast med Skyss Bestilling. Det er frå Voss stasjon til Bolstadøyri og Oppkvitno. Sjå her for korleis bestille dei turane.
Vi har fleire kvelds- og nattavganger som du kan bestille med Skyss Bestilling. Dette tilbodet har vi i Bjørnafjorden, Etne, Eidfjord, Kvam, Samnanger, Tysnes, Voss, Modalen, Vaksdal, Stad og Stryn.