Hopp til hovedinnald

For å kunne parkere gratis treng du ein gyldig periodebillett (7-, 30- eller 180-dagar) for vaksen/student/honnør innanfor eller til/frå sone A i Skyss Billett-appen.

Etter kjøp av periodebillett registrerer du skiltnummer på bilen din under «Parkering» i menyen. Parkeringsbeviset varer til kl. 18.00 på same utløpsdato som periodebilletten.

Ved kjøp av neste periodebillett blir parkeringsbeviset aktivert automatisk.

Det er ditt ansvar å ha gyldig parkeringsbevis knytt til bilen. Dersom du ikkje har gyldig bevis kan du bli ilagd gebyr etter satsar angitt i Parkeringsforskrifta: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2016-03-18-260

Krav på parkeringsbevis gjeld måndag til fredag mellom kl. 06.00-18.00, ikkje helgedagar. Ellers er parkeringsplassane opne for alle. Unntak er  Knarvik kai som har avgift i helgene.

Det er ingen plassgaranti og maksimal parkeringstid er 20 timar. Dersom bilen står parkert meir enn 20 timar, risikerer du gebyr etter satsar angitt i Parkeringsforskrifta: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2016-03-18-260. I særskilte situasjonar kan også køyretøyet bli fjerna.

Det blir utført parkeringskontrollar på vegner av Skyss på parkeringsplassar med krav på parkeringsbevis.

Publisert:

Oppdatert: