Hopp til hovedinnald

Til neste år lanserer vi appen «Skyss», som samlar alt du treng for å reise kollektivt i Vestland – frå reiseplanlegging til billettkjøp.  

Målet er å gjere det enklare for deg å finne, planlegge og betale for reisa – alt på ein stad. 

Den nye Skyss-appen er bygd på ein ny teknisk plattform, med nytt design, raskare yting og nye funksjonar som skal gi ei betre og meir saumlaus brukaroppleving. 

No kan du vere blant dei første som prøver han ut! 

Eit avgrensa tal personar blir
v
alt ut til å teste han før andre. 
Du får beskje
d på e-post
dersom du blir valt ut.
 
 

Bli med og form framtidas kollektivapp i VestlandSom testbrukar får du tilgang til appen – før lansering. Du får moglegheit til å påverke korleis han blir, og du får dele dine erfaringar direkte med utviklarane våre. Du kan planlegge reiser i heile Vestland og du kan kjøpe og bruke billettar på reisene dine.

Dette får du: 

  • Tilgang til appen før andre 
  • Du kan påverke korleis appen blir  
  • Bidra til at appen blir så god som mogleg før lansering 

 Vi ser etter brukarar som reiser kollektivt – kvar dag, ein gong i veka, eller berre av og til. Dine innspel er viktige! 
Ver merksam på at har du reiserabatt i dagens Skyss Billett-app, vil han ikkje dukke opp i den nye Skyss-appen. Der må du starte å opparbeide deg rabatten på nytt. 

Kva skjer etter du har sendt inn skjema?

  1. Vi går gjennom alle skjema som blir sende inn. Vi treng å få teste appen i heile fylket, på ulike transportmiddel og reisande som brukar ulike billettar. Om du ikkje blir kontakta, er det fordi vi har mange som reiser som deg.   
  2. Utvalde deltakarar får tilgang til appen.  
  3. Du testar funksjonar og gir tilbakemeldingar
  4. Vi utviklar Skyss-appen vidare – saman med deg. 

Meld di interesse for å vere testbrukar av den nye Skyss-appen! Takk for at du vil bidra! 

Skjermbilder av den nye Skyss-appen.