Ruteendringar på linje 800, 831, 840 og 860
Frå og med 1. mai vert det endringar på fleire busslinjer i Sogn.
Dette gjeld linje 800, 831, 840 og 860, og inkluderer nye turar, endra rutetider og innstilte avgangar.
Reiseplanleggaren er oppdatert med dei nye rutetidene.
Under finn du detaljar om kva endringar som gjeld for kvar linje frå 1. mai.
Line 800 Sogndal-Lærdal-Aurland-Vinje-Voss
- Avgang kvardagar kl. 6.30 frå Sogndal har no avgang kl. 6.35, og går no berre til Lærdal rådhus. Avgangen gjekk tidlegare vidare til Voss stasjon.
- Avgang kvardagar kl. 7.55 frå Sogndal går no heilt til Voss stasjon. Avgangen stoppa tidlegare på Lærdal rådhus.
- Tre avgangar på søndagar er innstilt. Dette gjeld avgang kl. 20.35 frå Sogndal til Lærdal rådhus, avgang kl. 18.30 frå Flåm stasjon til Lærdal rådhus, og avgang kl. 19.20 frå Lærdal råhus til Sogndal skysstasjon.
Linje 831 Øvre Årdal – Årdalstangen - Seimsdalen
- Nye avgangar fredagar: Den siste avgangen på kvardagar går no også på fredagar. Dette gjeld avgang kl. 20.30 frå Øvre Årdal Farnes til Seimsdalen, og avgang kl. 20.55 frå Seimsdalen til Øvre Årdal Farnes.
Linje 840 Øvre Årdal-Fodnes-Lærdal-Håbakken-Saltkjelen
- Avgang søndagar kl. 11.25 frå Øvre Årdal til Fodnes ferjekai er flytta, og har ny avgangstid kl. 7.40.
- Avgang søndagar kl. 20.30 frå Øvre Årdal til Fodnes ferjekai er innstilt.
- Avgang søndagar kl 12.18 frå Fodnes ferjekai til Øvre Årdal er flytta, og har ny avgangstid kl. 8.38.
- Avgang søndagar kl. 21.18 frå Fodnes ferjekai til Øvre Årdal er innstilt.
Linje 860 Sogndal-Gaupne-Fortun-Lom
- Avgang kvardagar kl. 5.45 frå Gaupne til Sogndal skysstasjon er flytta, og har ny avgangstid kl. 6.15.
- Avgang kl. 21.55 frå Gaupne til Sogndal skysstasjon er flytta, og har ny avgangstid kl. 21.30. Denne avgangen køyrer no alle kvardagar. Før køyrde avgangen torsdag og fredag.
- Ny avgang: Det blir sett opp avgang kvardagar kl. 20.25 frå Sogndal skysstasjon til Gaupne.
- Ny avgang: Det blir sett opp avgang kvardagar kl. 21.30 frå Gaupne til Sogndal.
Bakgrunnen for endringane er nye rutetider på Nor-Way Bussekspress si ekspressbussrute NW420 Sognefjordekspressen som går frå Sogndal via Voss til Bergen. Vi justerer fleire av våre ruter for at dei reisande i området skal ha eit best mogleg tilbod.
Publisert:
Oppdatert: