Ruteendringar og nye bestillingstilbod i fleire kommunar
Frå 23. juni blir det ruteendringar, nye bestillingstilbod og over 200 nye bussar i delar av Nordfjord og ei rekke kommunar i Hordaland. Her får du oversikt over endringane.

Det blir endringar i Bjørnafjorden, Etne, Eidfjord, nordre del av Kinn, Kvam, Kvinnherad, Modalen, Samnanger, Stad, Stryn, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss.
Hovudendringar:
- Ruteendringar: Ei rekke busslinjer blir endra.
- Skyss Bestilling: Fleire kan reise med bussar som køyrer på bestilling.
- Nye bussar: Over 200 nye bussar – dei fleste elektriske.
Rutetilbodet frå 23. juni
Det er endringar på ei rekke busslinjer i desse områda. Du finn oppdaterte rutetider i reiseplanleggaren.
Under finn du oversikt over kva linjer som får endringar.
Kinn, Stad og Stryn
Det blir endringar på desse linjene: 100, 110, 111, 112, 113, 115, 116, 120, 121, 122, 123, 150, 152, 154, 160, 163, 164
Linje 165 blir fjerna.
Bjørnafjorden, Etne, Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Samnanger, Tysnes, Ullensvang, Ulvik og Voss
Det blir endringar på desse linjene: 640, 641, 642, 643, 644, 651, 653, 654, 725, 740, 743, 745, 749, 760, 762, 766, 925, 934, 945, 950, 965, 980, 984, 990, 991.
Modalen og Vaksdal
Det blir endringar på desse linjene: 921, 922, 924.
Skyss Bestilling – bussen kjem når du bestiller han
Frå 23. juni kan du reise med Skyss Bestilling i Bjørnafjorden, Etne, Eidfjord, nordre del av Kinn, Kvam, Kvinnherad, Modalen, Samnanger, Stad, Stryn, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss.
Skyss Bestilling er bestillingsbussar som køyrer når nokon har bestilt dei. Tilbodet er for alle, og det er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar. Du kan for eksempel bestille ein tur dersom du skal til butikken, på trening, til legen eller på besøk. Det er enkelt å bestille - i app, på nett eller på telefon.
Her får du full oversikt over kvar du kan reise med Skyss Bestilling i kommunen din.
Over 200 nye bussar
Frå 23. juni kan du reise med nye bussar i desse områda. 140 av dei 215 nye bussane er elektriske. Dei fleste bussane er tilpassa menneske med funksjonsvariasjonar. I dei nye bussane finn du også barnesete, moglegheit til å lade til dømes mobiltelefon og skjermar som vil vise nyttig reiseinformasjon.
I Stryn, Stad og nordre del av Kinn har vi erstatta Kringom-bussane med nye bussar som det står Skyss på.
Bakgrunnen for ruteendringane er at Skyss startar opp ny periode med busskontraktar i desse områda. Vil du vite meir om korleis kollektivtrafikken er organisert, les her
Publisert:
Oppdatert: