Reiseplanleggaren her på skyss.no er ny
Reiseplanleggaren vår for nett er ny. Med den nye reiseplanleggaren kan du planlegge reisa di endå raskare, på ein meir oversiktleg måte.
Du finn dei same funksjonane som i dagens reiseplanleggar, men også noko nytt. Reiseplanleggaren har også fått ein meir moderne og brukarvennleg utsjånad, som liknar designet i den nye appen Skyss.
Slik kan du bruke kartet
Når du opnar den nye reiseplanleggaren, vil du sjå at kartet har fått mykje større plass enn før. Kartet dekker no store deler av sida. Dette gjer det enklare for deg å få oversikt dersom du vil bruke kartet for å planlegge reisa di.
Vi har også gjort det enklare for deg å velje kva du vil vise i kartet. Alternativa er no tilgjengelege på høgre side av kartet, utan at du må klikke deg inn via ein ekstra knapp som før.
Du kan velje mellom å sjå kart eller satellittbilete, og du kan velje om du vil at bysyklar og stoppestadar skal vise i kartet.
Legg til reisa i kalendaren din
Har du sakna ein betre måte å kunne planlegge reisa di i detalj? I den nye reiseplanleggaren på nett kan du legge til reisa i kalenderen din. Når du finn reisa du ønsker og trykker deg inn på den, vil du få opp eit alternativ som heiter «Legg til i kalender». Ved å trykke på den, får du reisa inn i kalenderen din, og du vil få varsel før reisa di startar. Då kan du senke skuldrane og slepp sjekke reiseplanleggaren på nytt om du blir usikker. Kalenderen din vil varsle deg når det er på tide å gå til haldeplassen.
Som før finn du også alternativ for å velje kor fort du går og kor lang bytetid du ønsker, og du kan framleis skrive ut eller dele reisa med andre.
Den nye reiseplanleggaren er på plass her på nettsida. Du kan kome rett til han med denne adressa reise.skyss.no.
Bruker du berre mobiltelefon – les her om den nye appen Skyss
Her er ein video som gir deg ein innføring i funksjonane i den nye reiseplanleggaren her på skyss.no.
Publisert:
Oppdatert: