Hopp til hovedinnald

No blir reisekvardagen endå billigare og enklare for deg som reiser kollektivt med barn. Fire barn reiser no gratis saman med ein vaksen kvar einaste dag, heile veka! 

Det betyr nye moglegheiter for å ta med familien på kvardagseventyr til ein billig penge.

Hugs!

  • Du vert rekna som barn heilt til du fyller 18 år.
  • Barn under 6 år tel ikkje med i antalet, for dei reiser alltid gratis uansett.

 

Sjekk ut barnas reisetips!

Det er mykje spennande å oppleve saman med barna, i nærleiken av der du bur. Her får du tre idear til små barnevennlege eventyr som berre er ein kort busstur unna, om du bur i Bergen. Sjå barnas reisetips her!

Publisert:

Oppdatert: