Askøybåten: Vi set inn større båt på nokre avgangar
Frå 1. september gjer vi tiltak for å sikre plass til fleire reisande på båtruta Kleppestø-Strandkaiterminalen.

I dag køyrer båtane Fjordtroll som tar 295 passasjerar, og Fjord Viking som tar 97 passasjerar i ruta. No kjem også båten Rygertroll, som har plass til 147 passasjerar, inn på enkelte avgangar om morgon og ettermiddag. Ved behov går både Rygertroll og Fjord Viking på desse avgangane. På andre avgangar i rush køyrer Fjordtroll som før.
Tiltaket blir sett i verk for å redusere risikoen for at nokon ikkje kjem med.
Publisert:
Oppdatert: