Eitt stopp nærmare draumen om eigen bustad
Fredrik Andersson (28) sit på bussen på veg til jobben som digital marknadsførar. Kontoret ligg i Solheimsviken, og Fredrik tar bussen frå NHH til Danmarks plass. Bussturen tar rundt 15 minutt.

– For meg er reisetid også kviletid. Det er lettvint. Eg veit at mange synest det verkar enklare å køyre bil, men for meg er det meir stress å køyre i sentrum, stå i kø og leite etter parkering. Eg har rett og slett ikkje behov for bil.
For mange er det første bilkjøpet ein milepæl. Med fast jobb og ein stabil kvardag kunne det òg ha vore eit naturleg steg for Fredrik. I staden vel han å reise kollektivt.
– Det handlar først og fremst om økonomi. Det er dyrt å eige bil, uansett korleis du snur og vender på det. Eg kan spare mykje ved å utsette bilkjøpet, seier han.
Fredrik bruker å kjøpe ein 180-dagarsbillett, som kostar rundt 4000 kroner.
– Det kjennest kanskje litt mykje der og då, men eg sjekka med Skyss sin bilkalkulator, og til samanlikning kostar ein heilt vanleg bil rundt 130 000 kroner i året. Det betyr at eg kan spare rundt 120 000 kroner i året på å ikkje ha bil.
Pengane sparer han til å kunne kjøpe sin første bustad. Draumen er å bu ein stad med eit godt kollektivtilbod. For eksempel i Åsane eller på Nesttun, der det går buss eller bybane relativt direkte til jobb.

– Bustaddraumen har vore der lenge, men då eg fekk kjærast, blei det plutseleg endå meir aktuelt. Det hadde vore fint å ha noko eige som vi to kan dele.
Han tar ein kort pause før han held fram:
– Det er nok mest aktuelt med ei leilegheit eller eit rekkehus i utkanten av sentrum. Planen er å bu sånn at vi kan halde fram med å reise kollektivt. Vi kjem ikkje til å slutte med det. For oss gir det meir fridom enn det ein bil gjer.
Han trekker òg frem fordelar som føreseielegheit og effektivitet, men den viktigaste faktoren er likevel økonomi.
– Når ein ser på dei løpande utgiftene med forsikring, drivstoff, service, bompengar og vedlikehald, i tillegg til verditapet på bilen, er det mykje anna eg heller vil bruke pengar på. Som å investere i ei leilegheit.
Vi går av bussen på Danmarks plass, men har framleis nokre spørsmål igjen. Blant anna lurer vi på om han ser for seg å kjøpe bil når bustaden er i boks. Svaret er klart:
– Eg ser ikkje for meg at eg kjem til å kjøpe bil med det første. Kanskje aldri.
Vi nærmar oss kontoret til Fredrik, og det er på tide å runde av praten. Men før vi går kvar til vårt, vil vi høyre om Fredrik har nokon gode råd til andre som òg er opptatt av å spare, og som kan utsette det første bilkjøpet.
Tre tips til deg som sparer til bustad:
- Bruk reiseappen til Skyss. Med litt planlegging blir reisa saumlaus.
- Dersom du reiser ofte, kan det lønne seg å kjøpe periodebillett. Du kan velje mellom 7, 30 eller 180 dagar. Ein reiser ofte meir enn ein trur, og med periodebillett kan du hoppe på bussen, båten eller bybanen når du vil, utan å tenke meir på billett.
- Sjølv om du ikkje har bil, er det lurt å vere bevisst på at det er pengar å spare. Sjekk bilkalkulatoren til Skyss for å sjå kor mykje du kan spare på å utsette bilkjøpet. Ver bevisst på utgiftene, og vurder om du faktisk treng å kjøpe bil no.
Les også om Malin og Tom Rune som tok eit uvanleg val og selde bil nummer to.