Ruteendringar mellom Sogndal og Kaupanger
Frå 18. august blir det fleire endringar på linje 802 Sogndalsringen mellom Sogndal og Kaupangerskogen.
Fleire avgangar
Rutetilbodet blir styrka med fleire avgangar. Frå 18. august blir det ein ekstra avgang om kvelden på fredagar, og det kjem to avgangar på dagtid laurdagar.
Ekstra avgang fredagar:
- Avgang frå Sogndal skysstasjon kl. 19.45. Retur frå Kaupangerskogen (Storebruvegen) kl. 20.10.
Nye avgangar laurdagar:
- Avgang frå Sogndal skysstasjon kl. 10.35. Retur frå Kaupangerskogen (Storebruvegen) kl. 11.00.
- Avgang frå Sogndal skysstasjon kl. 14.15. Retur frå Kaupangerskogen (Storebruvegen) kl. 14.40.
Endringar i trasé og rutetider
Linje 802 vil frå 18. august starte og ende alle turar ved Sogndal skysstasjon. Haldeplassane Stedje og Fosshaugane blir ikkje lenger brukt.
Det er også justeringar på rutetidene. Reiseplanleggaren er oppdatert med endringane.
Rutetabell som gjeld frå 18. august finn du her.
Bakgrunnen for endringane er mellom anna at vidare bussdrift i Trolladalen skaper utfordringar for trafikktryggleiken, då det her er mange fotgjengarar.
Publisert:
Oppdatert: