Hopp til hovedinnald

Grunna arbeid i fjorden under den nye Sotrabrua vil det bli stengt for all båttrafikk i dette området. Arbeidet skal utførast måndag 9. februar til og med onsdag 11. februar.

Desse dagane kan derfor ikkje Sunnhordlandsruta (rute 2080 Sunnhordland–Austevoll–Bergen)  og Hardangerfjordekspressen (rute 2075 Rosendal–Bergen) køyre til og frå Strandkaiterminalen i Bergen.

Dersom arbeidet er ferdig tidlegare, vil båtane kunne køyre til og frå Bergen som normalt, og vi vil då informere via avviksmelding i Skyss Reise, reiseplanleggaren og her på nettsida, samt sms-varsel (frå Norled) til dei som abonnerer på dette. Når det er opna for båttrafikk på heile strekninga igjen, vil ikkje lenger Sunnhordlandsruta køyre innom Os kai.

Buss for båt

Alle avgangar på dei to båtrutene vil nytte Os kai desse dagane. Mellom Os kai og Strandkaiterminalen i Bergen er det sett inn buss som køyrer slik:

  • Os kai - Lagunen terminal - Bergen busstasjon U - Strandkaiterminalen.
  • Strandkaiterminalen - Lagunen terminal - Os kai.

Bussane køyrer på båten sine rutetider frå Strandkaiterminalen.

Ver merksam på at det er ingen avgangar med båt til og frå Flesland kai desse dagane. Reisande i området kan nytte bybanen mellom Bergen lufthavn og Lagunen terminal, og deretter byte til bussen som er sett inn mellom Os kai og Strandkaiterminalen. Buss vil vere skilta "Buss for båt".

Mellombels rutetabell Sunnhordlandruta frå Leirvik mot Bergen:

Båt frå Leirvik        
Frå Leirvik 06.06 10.10 14.10 17.00
Frå Hufhamar 07.12 11.15 15.02 18.07
Innkomst Os båtkai 07.33 11.38 15.25 18.30
Buss frå Os kai        
Frå Os kai 07.33 11.38 15.25 18.30
Frå Lagunen terminal I 07.53 11.58 15.45 18.50
Bergen busstasjon U 08.08 12.13 16.00 19.05
Innkomst Strandkaiterm. 08.14 12.19 16.06 19.11

Mellombels rutetabell Sunnhordlandruta frå Bergen mot Leirvik:

Buss til Os        
Frå Strandkaiterm. 08.10 12.10 16.10 20.10
Frå Lagunen G 08.26 12.26 16.26 20.26
Innkomst Os båtkai 08.40 12.40 16.40 20.40
Båt til Leirvik        
Frå Os båtkai 08.40 12.40 16.40 20.40
Frå Hufthamar 08.58 12.58 16.58 20.58
Innkomst Leirvik 10.07 14.07 18.05 22.15

Mellombels rutetabell Hardangerfjordekspressen frå Rosendal mot Bergen:

Båt frå Rosendal    
Frå Rosendal  06.50 14.25
Frå Malkenes 07.18 14.55
Innkomst Os båtkai 07.40 15.15
Buss frå Os     
Frå Os  07.40 15.15
Innkomst Lagunen I 08.00 15.35
Innkomst Bergen busstasjon U 08.15 15.50
Innkomst Strandkaiterm. 08.21 15.56

Mellombels rutetabell Hardangerfjordekspressen frå Bergen mot Rosendal:

Buss frå Strandkaiterm.    
Frå Strandkaiterm. 08.50 16.30
Frå Lagunen G 09.12 16.52
Innkomst Os 09.28 17.08
Båt frå Os til Rosendal    
Frå Os båtkai 09.50 17.30
Innkomst Malkenes 10.10 17.50
Innkomst Rosendal 10.45 18.25

 

Publisert:

Oppdatert: