Hopp til hovedinnald

Askøybrua blir stengd frå kl. 22.00 til 09.00, natt til søndag 5. oktober og natt til søndag 19. oktober på grunn av naudsynt vedlikehaldsarbeid. 

Avgangstider med båt frå Kleppestø kai.

Avgangstider med båt frå Strandkaiterminalen.

Buss blir innstilt mellom Kleppestø og Bergen

Medan brua er stengd blir linje 400 innstilt mellom Bergen busstasjon og Kleppestø terminal. Siste avgang laurdag kveld frå Kleppestø til Bergen er kl. 21.19. Siste avgang frå Bergen busstasjon til Kleppestø er 21.22. Første avgang søndag morgon er kl. 09.19 frå Kleppestø terminal, og kl. 09.52 frå Bergen busstasjon.

Linje 400 vil køyre vanleg trasé mellom Ravnanger terminal og Kleppestø terminal, men kan bli forseinka på avgangar frå Kleppestø terminal for å få med passasjerar frå båten.

Nattavganger natt til søndag innstilte:

Alle nattavgangar med buss blir innstilte natt til søndag 5. oktober og 19. oktober. Båttilbodet er eit basistilbod som er mynta på dei som absolutt må reise, som pendlarar og helsearbeidarar. Skyss oppmodar alle som ikkje er nøydde til å reise til og frå Askøy desse nettene om å unngå å reise. Sjå rutetabell for siste ordinære avgang for di linje. 
Oversikt rutetabell for Askøy. 

Følgande haldeplassar blir ikkje brukt medan vegen er stengd:

  • Reisande frå Holmedalen som skal mot Bergen kan reise med linje 401, 402, 403 til Kleppestø terminal og ta båt til Strandkaiterminalen. Det er òg mogleg å gå ca 450 m (6 min) til Kleppestø kai.
  • Reisande frå Holmedalen som skal mot Kleppestø kan reise med linje 401, 402 eller 403. Det er òg mogleg å gå ca 450 m (6 min) til Kleppestø kai.

Merk: Linje 400 er innstilt mellom Kleppestø terminal og Bergen busstasjon.

  • Reisande frå Storeklubben som skal mot Bergen kan reise med linje 401, 402, 403 til Kleppestø terminal og ta båt til Strandkaiterminalen. Det er òg mogleg å gå ca 1,1 km (15 min) til Kleppestø kai.
  • Reisande frå Storeklubben som skal mot Kleppestø/Ravnanger kan gå ca 1,1 km (15 min) til Kleppestø terminal og ta linje 400 derfrå. Det er òg mogleg å gå ca 1,1 km (15 min) til Kleppestø kai.

Merk: Linje 400 er innstilt mellom Kleppestø terminal og Bergen busstasjon.

  • Reisande frå Brøstaneset, Askøybrua som skal mot Bergen kan gå til Brøstaneset og ta linje 45 til Loddefjord terminal og byte til linje 3 vidare til sentrum.
  • Reisande frå Brøstaneset, Askøybrua som skal mot Kleppestø kan gå til Brøstaneset og ta linje 45 til Loddefjord terminal og byte til linje 3 vidare til sentrum.

Merk: Linje 400 er innstilt mellom Kleppestø terminal og Bergen busstasjon.

  • Linje 400 er innstilt mellom Kleppestø terminal og Bergen busstasjon.
  • Reisande frå Storavatnet terminal som skal mot Bergen kan ta linje 445, 450 eller 460 til Bergen busstasjon.
  • Reisande frå Storavatnet terminal som skal mot Kleppestø terminal kan ta linje 445, 450 eller 460 til Festplassen, gå til Strandkaiterminalen og ta båt til Kleppestø terminal.
  • Linje 400 er innstilt mellom Kleppestø terminal og Bergen busstasjon.
  • Reisande frå Frieda Fasmer rv. 555 som skal mot Bergen kan ta linje 445, 450 eller 460 til Bergen busstasjon.
  • Reisande frå Frieda Fasmer rv. 555 som skal mot Kleppestø terminal kan ta linje 445, 450 eller 460 til Festplassen, gå til Strandkaiterminalen og ta båt til Kleppestø terminal.
  • Linje 400 er innstilt mellom Kleppestø terminal og Bergen busstasjon.
  • Reisande frå Lyngbø rv. 555 som skal mot Bergen kan ta linje 3, 445, 450 eller 460 til Festplassen/Bergen busstasjon.
  • Reisande frå Lyngbø rv. 555 som skal mot Kleppestø terminal kan ta linje 3, 445, 450 eller 460 til Festplassen, gå til Strandkaiterminalen og ta båt til Kleppestø terminal.
  • Linje 400 er innstilt mellom Kleppestø terminal og Bergen busstasjon.
  • Reisande frå Møhlenpris som skal mot Bergen har fleire reisealternativer til Festplassen. Alternativ til Bergen busstasjon med linje 40, 50E, 445, 450 og 460.
  • Reisande frå Møhlenpris som skal mot Kleppestø terminal har fleire reisealternativer til Festplassen. Alternativ til Torget med linje 3, 4, 10 og 18 for litt kortare gange til Strandkaiterminalen og båt til Kleppestø terminal.
  • Linje 400 er innstilt mellom Kleppestø terminal og Bergen busstasjon.
  • Reisande frå Lars Hilles gate som skal mot Kleppestø terminal kan gå til Strandkaiterminalen og ta båt til Kleppestø terminal.
  • Reisande frå Bergen busstasjon kan ta linje 12 eller 16E til Torget, eller bybanelinje 1 eller 2 til sentrum og gå til Strandkaiterminalen. Det er óg mogleg å gå ca 1,1 km (15 min) til Strandkaiterminalen og ta båten til Kleppestø kai.

Kollektivparkeringer:

Fleire stedar på Askøy finn du opne parkeringsplassar kor du kan reise kollektivt delar av reisa. 

Meir informasjon om bilparkering for kollektivreisande finn du her.

Kan bli naudsynt med endringar til 18. oktober:

Det kan bli naudsynt med endringar i båt- eller busstilbodet for stenginga 18. oktober. Endringar vil bli oppdatert i denne saka, og vi oppmodar reisande til å halde seg oppdatert.

Publisert:

Oppdatert: