Hopp til hovedinnald

Bussterminalen ved Oasen kjøpesenter og busslinjene som går til og frå, er dei same som før.

Du finn det nye namnet, Fyllingsdalen terminal, på ruteplakatar og i rutetabellane på skyss.no. Bussane som har endestopp her, skiltar no til Fyllingsdalen terminal.

Når du skal planlegge reisa di i appen Skyss Reise eller i reiseplanleggaren på skyss.no, vil terminalen vise som Oasen terminal fram til 29. august. Ver difor merksam på dette når du skal planlegge reisa di. 

Årsaka til endring av namn, er at nye Fyllingsdalen terminal opnar 29. august, framleis like utanfor Oasen kjøpesenter. Terminalen skal etter kvart også skal huse bybanestopp og drosjehaldeplass.

Publisert:

Oppdatert: