Hopp til hovedinnald

I vår lanserer vi appen «Skyss», som samlar alt du treng for å reise kollektivt i Vestland – frå reiseplanlegging til billettkjøp.  

Målet er å gjere det enklare for deg å finne, planlegge og betale for reisa – alt på ein stad. 

Den nye Skyss-appen er bygd på ei ny teknisk plattform, med nytt design  og nye funksjonar som er enklare og betre å bruke. 

Skyss Reise blir automatisk oppdatert

Når vi lanserer den nye appen Skyss, blir Skyss Reise automatisk oppdatert. Ikonet på skjermen din vil sjå slik ut, og du er klar til å bruke éin app til alt.

Treng du ikkje lenger Skyss Billett?

Har du brukt Skyss Billett, treng du ikkje den appen lenger. No kan du både søke etter reisealternativ og kjøpe billett i den nye appen Skyss. Men har du reiserabatt i appen Skyss Billett, får du ikkje med deg rabatten, men vil starte på ny i den nye appen.

Unntak: Brukar du skolebillett, må du framleis bruke Skyss Billett for denne billetten, men kan bruke den nye til reisesøk og andre billettar. 
Kjøper du billett på bedriften si rekning, må du også bruke Skyss Billett-appen ein stund til. 

Nokre av funksjonane i den nye appen 

  • Sjå kor bussen er akkurat no på kartet 
  • Kjøp billettar på førehand og bestem når den skal gjelde frå
  • Kjøp billett og send til andre
  • Lagre ei bestemt reise og kjøpe billett som starter då
  • Lagre faste haldeplassar for deg som reiser frå same plass ofte
  • Hurtigkjøp - Med berre få klikk kan du kjøpe billettane du kjøper ofte
  • Abonner på 30-dagarsbillett - Så treng du ikkje bekymre deg for å gløyme å kjøpe ny billett.

Berre å glede seg!

 

Publisert:

Oppdatert: