Vestlendingar køyrer saman
Sidan september 2023 har Skyss i samarbeid med Miljøløftet og selskapet Nabogo hatt eit prøveprosjekt for samkøyring, der privatpersonar kan få eller tilby skyss med privatbil ved hjelp av ein app. I alt vart det gjennomført nesten 69 000 bilturar med denne samkøyringsløysinga i Vestland i 2024.

Løysinga gjer det først og fremst mogleg for bilistar å tilby skyss på turar som startar og/eller stoppar i Øygarden eller Askøy. Bilistar som tilbyr passasjerplass i bilen sin i desse områda, får dekka delar av køyrekostnadane sine. For passasjerane er det gratis å sitte på dersom dei har periodebillett eller dei skal reise kortare enn ti kilometer.
I 2024 vart det køyrd 68 914 samkøyringsturar i Vestland. Av desse var det 35 741 turar i, til og frå Askøy og 21 305 i, til og frå Øygarden. Resten av turane vart køyrde i Bergen og andre stader i Vestland. Det er berre i områda Askøy og Øygarden at sjåføren mottar pengar for turen.
På Askøy er det registrert 1094 brukarar, og i Øygarden 1016 brukarar. Gjennomsnittleg turlengde på Askøy er 9,43 km og i Øygarden 13,76 km. Dei fleste turane blir køyrde i rushtida.
Status i år
Dei gode tala held fram også i 2025. I perioden 1. januar til 16. februar 2025 er det køyrd 9060 samkøyringsturar: 5795 i Askøy, 3491 i Øygarden og 2866 i Bergen.
Dersom nivået på samkøyring held fram som i dag, vil vi nå mellom 70 000 og 80 000 turar i 2025.
Framleis skepsis i befolkninga
Skyss har gjort ulike undersøkingar om mottakinga av tilbodet, mellom anna ei befolkningsundersøking der 500 personar i Askøy og Øygarden svarte på ulike spørsmål om samkøyring. Berre om lag 6 prosent av dei spurte hadde nytta samkøyring, og tilbakemeldingane i denne undersøkinga seier derfor meir om befolkninga si generelle oppfatning av samkøyring enn av det faktiske tilbodet. Her blir det avdekka at samkøyringstilbodet møter ein del skepsis. Dette er naturleg med tanke på at dei fleste førebels kjenner lite til samkøyring, og at konseptet kan påverke reisevanar som dei sjølv er nøgde med.
Skrur ned tilskotet til sjåføren
Det er også gjort ei kundeundersøking blant dei som brukar tilbodet. Eit funn i undersøkingane er respondentane meiner subsidiering av sjåføren er viktig. Skyss og Nabogo vil likevel redusere tilskotet til sjåførane for å undersøke i kva grad dette er avgjerande for bruken. Tala frå 2024 og 2025 syner nemleg at det framleis er ein god del brukarar i Bergen, også etter at tilskotet til sjåførar i Bergen vart tatt bort.
Frå 3. februar 2025 vart støtta til sjåfør endra frå 15 kroner for dei første ti kilometrane til 1,50 kr per kilometer for dei første ti kilometrane, deretter 1 kr per kilometer. Dette tyder at ein tur på tre kilometer gir sjåføren 4,50 kroner. Dette er ei vesentleg endring for dei kortaste turane og kan påverke bruken framover, men vi har berre sett ein marginal nedgang i bruken så langt.
I løpet av våren 2025 er det planlagt å senke tilskotet til sjåfør til 1 krone per kilometer, uavhengig av køyrelengde.
Vil ha fleire brukarar hos bedrifter
Undersøkingar bekreftar at samkøyring i hovudsak skjer mellom personar som kjenner kvarandre eller kjenner til kvarandre. Ei satsing i 2025 blir dialog med bedrifter i Askøy og Øygarden for å stimulere verksemder til å legge til rette for samkøyring. Skyss vil saman med Nabogo og Miljøløftet sjå på korleis dette kan bli gjort.
Har samkøyring ei framtid?
For Skyss er samkøyringstilbodet i vest framleis eit prøveprosjekt som skal vare ut 2025.
Kunde- og marknadsundersøkingane som er gjort i 2024 blir no brukt i Skyss sitt arbeid med å evaluere prøveprosjektet. Skyss skal legge fram ei politisk orienteringssak for fylkespolitikarane våren 2025. I løpet av året vil vi få avklart om samkøyring skal vere eit tilbod frå Skyss også i 2026 og vidare.
Skal forske på vårt prosjekt
Transportøkonomisk institutt (TØI) skal no forske på vårt samkøyringsprosjekt. Eit prosjekt som er kalla PURIST ("Combining Public Transit and Ride Sharing in Rural Transport") skal studere korleis ein får til samkøyring og kva verktøy er nødvendige for å få fleire til å køyre saman. TØI skal hente erfaringar frå tre samkøyringstenester i Noreg: prøveprosjektet på Askøy og Øygarden, eit liknande tilbod på Byneset i Trondheim og ei teneste for bestillingstransport i Agder. Kva gjer at nokon samkøyrer, medan andre ikkje gjer det? Korleis påverkar samkøyring bilbruk og reiseåtferd? Korleis kan ei samkøyringsteneste fungere best mogleg? Skyss er samarbeidspartnar i prosjektet saman med mellom anna Miljøløftet, AKT og AtB.
(Foto: Morten Wanvik/Skyss)
Publisert:
Oppdatert: