Ruteendring i Florabassenget
Frå måndag 23. september vert det gjort endringar i rutetidene i Florabassenget.

Endringane gjeld dei to første avgangane om morgon på rutene Florabassenget sør, Florabassenget nord og Florabassenget vest (rutenr. 291 og 292). Dei inneber tidlegare avgangar om morgonen. Målet er å sikre føreseieleg framkomst til Florø for våre reisande.
– Vi er framleis ikkje nøgde med leveransen, og det vert jobba vidare med tiltak på ulike område, i dialog mellom operatøren Norled og oss, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.
– Samstundes treng vi å gjere rutene meir robuste, ikkje minst for å sikre at skuleborn kjem fram til skulen i rett tid. Norled har kome med eit forslag til rutejusteringar, og vi har valt å setje desse i verk, seier ho.
Dei siste månadane har Norled sjølv sett inn og finansiert ein ekstrabåt som mellombels tiltak, for å avhjelpe problema i sambandet. Med desse ruteendringane vil denne ekstrabåten ikkje lenger gå om morgonane, medan Norled opprettheld han på ettermiddag.
Publisert:
Oppdatert: